Veggefjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Veggefjorden er ein fjord på nordsida av Ringvassøya i Karlsøy kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 3,5 km sørvestover til Veggefjorddalen i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Veggen i vest og Ytre Karaneset i aust. Veggen, som fjorden er kalla opp etter, er ein fjellvegg på vestsida av fjellet som stuper ned i fjorden. Fjellvegen stig bratt opp til 250 meter over havet og høyrer til fjellet Jonasaksla på 304 meter over havet. Det er ingen busetnader ved fjorden.