Vegsalt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Saltspreiar montert bak på ein brøytebil.

Vegsalt er eit saltprodukt som ein bruker til å strø på vegar. Det kan brukast til å smelta is på vegen eller til å redusera støving. Tradisjonelt har ein brukt vegsalt for å redusera støving frå grusvegar. Med asfalterte vegar er det vanlegast å bruka vegsalt til å smelta snø og is slik at det blir lettare og tryggar å ferdast på dei.

Magnesiumklorid til vegbruk.

Det vanlegaste vegsaltet er natriumklorid, eller vanleg koksalt. Kalsiumklorid og magnesiumklorid (MgCl2) kan også brukast, anten i særleg kaldt vêr eller når hovudføremålet er å dempa støving. Natriumklorid verker berre ned til rundt temperaturar rundt -7 °C, medan magnesiumklorid er verknadsfullt ned til -15 °C.[1] Magnesiumklorid kan brukast til salting av grusvegar om sommaren eller når det oppstår mykje svevestøv vinterstid.[1]

Ein kan også bruka andre stoff i vegsaltet, som sukkerhaldig saft, som kan forseinka frysinga av nedbør på vegar.[2] og betra verknaden av saltet ved svært låge temperaturar. Forsøk i Canada har til dømes vist at bruk av sukker kan senka frysepunktet heilt ned til -25 °C.[3]

Vegsalting er omdiskutert, ettersom salt kan ha ein negativ effekt på miljøet[4][5] og kan føra til korrosjon (rust) på køyretøy. Dei ulike saltprodukta har ulike verknadar, der magnesiumklorid fører til meir korrosjon enn natriumklorid.[1] Ulike vegvesen som Statens vegvesen har derfor arbeidd for å redusera bruken av vegsalt.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 Garathun, Mari Gisvold. «Det mest effektive veisaltet er verst for bilen». Teknisk Ukeblad. Arkivert frå originalen 24. januar 2016. Henta 23. januar 2016. 
  2. Garathun, Mari Gisvold (18. desember 2014). «Rotfrukt skal forhindre is på svenske vinterveier». Teknisk Ukeblad. 
  3. Garathun, Mari Gisvold (12. desember 2013). «Rotfrukt skal forhindre is på veiene». Teknisk Ukeblad. 
  4. 4,0 4,1 «Sluttrapport for etatsprogrammet Salt SMART». vegvesen.no. Arkivert frå originalen 19. januar 2014. Henta 20. april 2018. 
  5. Garathun, Mari Gisvold (8. mai 2015). «Mer veisalt ga dårligere drikkevann». Teknisk Ukeblad.