Vegusdal kapell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vegusdal kapell
kyrkje
Vegusdal kapell
Foto: Jan-Tore Egge
Land  Noreg
Fylke Agder
Kommune Birkenes
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Vest-Nedenes
Sokn Vegusdal
Fellesråd Birkenes
Arkitekt Bjørn Schoder
Material Tre
Innvigd 1974
Takryttar I vest
Klokker 1903
Kyrkjegard Ved kapellet
Altartavle Olava Buli (e. Else Marie Jakobsen)
Orgel Harmonium frå 1916
Sitjeplassar 80
Kart
Vegusdal kapell
58°34′44″N 8°08′47″E / 58.57885556°N 8.14638056°E / 58.57885556; 8.14638056
Wikimedia Commons: Vegusdal kapell

Vegusdal kapell er ei langkyrkje frå 1974 i Vegusdal i Birkenes kommune i Agder.

Kapellet står på den gamle kyrkjestaden som var i bruk fram til 1867, då den nye kyrkja på Engesland vart innvigd. Grunnen tilhørte i si tid garden Vegusdal.

Kapellet frå sør.
Foto: Siri Johannessen

På staden har det etter det ein veit, stått to tidlegare kyrkjer. Ei stavkyrkje vart truleg oppført på 1100- eller 1200-talet. Oldsaksamlinga i Oslo har ein portal frå stavkyrkja med motiv frå soga om Sigurd Fåvnesbane. Kyrkje nummer to var ei tømra langkyrkje utan tårn og sakristi, kan hende oppført i 1552. Kyrkjeklokka hang i våpenhuset, og det var ein lydglugg i vestveggen.

Då Engesland framstod som sentrum i bygda, vart kyrkjestaden flytta, og gamlekyrkja vart riven året etter at den nye kyrkja vart teken i bruk. Men drygt hundre år seinare vart det oppført eit nytt kyrkjebygg på den gamle kyrkjestaden. Kapellet vart teikna av Bjørn Schoder frå Kristiansand og oppført under leiing av Olav Tomander. Det vert fortalt at bygdefolket deltok med stor dugnadsinnsats, og kapellet vart innvigd høsten 1974. Det er ei enkel langkyrkje med takryttar i vest. Koret i aust er litt lågare og smalare enn resten av bygningskroppen.

Altertavlen er eit knytt teppe utført av Olava Buli etter teikningar av Else Marie Jakobsen. Kapellet har òg eit krusifiks frå stavkyrkja samt ein kopi av den gamle stavkyrkjeportalen. Kyrkjeklokka er frå 1903, då ho vart kjøpt inn og hengt i eit klokkehus på kyrkjegarden. Denne lèt til å ha vore i meir eller mindre kontinuerlig bruk sjølv etter at kyrkjestaden vart flytta. Kapellet har eit harmonium frå 1916 som har vore brukt i kyrkja på Engesland.

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]