Vegusdal stavkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

58°34′43.88″N 8°8′46.97″E / 58.5788556°N 8.1463806°E / 58.5788556; 8.1463806

Restar av vestportalen frå Vegusdal stavkyrkje, no i Oldsaksamlinga
Foto: Zodiaque

Vegusdal stavkyrkje stod på den gamle kyrkjegarden i Vegusdal (Birkenes kommune), ved Vegusdal gard (gnr. 135).

På grunnlag av bevarte portalplankar er kyrkja datert til fyrste halvdel av 1200-talet. Presten (Endride Jofrœysson prestr j Veikolfsdale) er fyrste gong omtala i 1348,[1] soknet (Veikundals sookn) i 1430[2] og kyrkja (ueggusz Dalle kircke) i 1564.[3] Kyrkja vart òg brukt for Mykland, som fekk eiga kyrkje fyrst i 1682. Vegusdalkyrkja var opphaveleg anneks til Evje og hadde tidleg på 1600-talet teneste kvar åttande søndag.[4] Ho vart etterkvart avløyst av ei lafta kyrkje på same staden, og denne kyrkja stod inntil kyrkjestaden vart flytta til Engesland i 1867. Det hersker ei viss usemje om når laftekyrkja vart oppført. Det vanlegaste er å datere nybygginga til 1720 basert på ei visitasmelding frå 1851.[5] Men «Vegusdal: Gards- og ættesoge» viser til ein munnleg tradisjon som seier at laftekyrkja var 315 år då ho vart riven. Det skulle tidfeste bygginga til 1550-talet.

Lite synest kjent om sjølve stavkyrkja, og det meste av omtalen fokuserer på dei bevarte portalplankane, som befinn seg i Oldsaksamlinga. Portalen[6] er motivmessig i slekt med Hylestadportalen, idet venstre planken illustrerer historia om Sigurd Fåvnesbane (frå Volsungesoga). Den høgre planken har for det meste plantemotiv, men med eit par dyreskikkelsar innimellom.

Portalen vart overført til laftekyrkja som avløyste stavkyrkja. Då så laftekyrkja vart riven i 1868, vart portalen overført til Oldsaksamlinga. I 1974 vart eit kapell oppført på den gamle kyrkjegarden.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Diplomatarium Norvegicum I:311
  2. Diplomatarium Norvegicum IV:842
  3. Diplomatarium Norvegicum XXI:1118
  4. Brendalsmo & Eriksson
  5. Sjå t.d. Nenseter
  6. Skildra meir detaljert av Dietrichson