Veierland

Koordinatar: 59°09′14″N 10°21′05″E / 59.15389°N 10.35139°E / 59.15389; 10.35139
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veierland
Veierland brygge
Veierland brygge
Geografi
Stad Ytre Oslofjord
Koordinatar 59°09′14″N 10°21′05″E / 59.15389°N 10.35139°E / 59.15389; 10.35139

Areal 4,4 km²

Høgaste punkt 56 moh.
Administrasjon
Land Noreg Noreg
Fylke Vestfold

Veierland er ei øy i Færder kommune i Vestfold .[1] Fram til 1. januar 1965 høyrte øya til Stokke kommune. Veierland vart overført til Nøtterøy kommune etter dei fastbuande sitt eige ønske. Øya har om lag 150 fastbuande fordelt på 60 heilårsbustader. Det er i tillegg om lag 500 feriebustader og hytter på øya.

Øya har eit areal på 4,4 km² og ligg ved Tønsbergfjorden, midt mellom Nøtterøy, Tjøme, Stokke og Sandefjord. Øya har ferjesamband med Tenvik på Nøtterøy og Engø ved Sandefjord. Øya hadde buplikt frå 1998 til 2012.

Veierland skule blei nedlagt 1.1 2014. Veierland kyrkje er frå 1905. Øya har ein aktiv velforeining (stifta i 1946), med eige velhus bygd i 1956.

Forfattaren Jens Bjørneboe budde på Veierland i eit snautt år før han tok livet sitt 9. mai 1976. Bjørneboe kjøpte eit hus av Ole Paus. Paus skreiv songen «Veierland» om opphaldet sitt på øya (plata Stjerner i rennesteinen). Ein annan kjend forfattar knytt til øya er Karin Bang (Brynildsen) som har skrive tre historiske romanar med motiv frå kvalfangarmiljøet på Veierland. Der kallar ho øya for Jutøy. Karin Bang var gift med forfattaren Aasmund Brynildsen. Edvard Munch var sommaren 1887 (og truleg 1888) på øya.

Veierland er òg eit etternamn. 14. november 2005 var det 26 personar i Noreg med dette namnet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Veierland». Kartverket. Henta 24. januar 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Veierland