Veikko Hakulinen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Veikko Hakulinen

Statsborgarskap Finland
Fødd 4. januar 1925
Lahdenpohjan piiri
Død

24. oktober 2003 (78 år)
Valkeakoski

Yrke skiskyttar, langrennsløpar, orienteringsløpar, roar
Høgd 173 centimeter
Veikko Hakulinen på Commons

Veikko Johannes Hakulinen (4. januar 192524. oktober 2003) var ein finsk langrennsløpar og skiskyttar. I perioden frå 1952 til 1960 vann tre olympiske gullmedaljar og like mange VM-gull i langrenn. Gjennom desse ni sesongane tok 14 OL- og VM-medaljar; seks i gull, seks i sølv og to i bronse. Hakulinen var frå Kurkijoki i dåverande Viborgs län, sidan 1944 i russisk Karelen.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Hakulinen hadde ikkje utmerka seg i langrennsløypa før OL-sesongen 1952. Under vinter-OL i Oslo gjorde han sin internasjonale debut den 20. februar på femmila. Hakulinen vann då ein suveren siger på vinnertida 3 timar, 33 minuttar og 33 sekundar. Dei to andre medaljevinnarane, landsmannen Eero Kolehmainen og norske Magnar Estenstad, brukte nærare fem minuttar lengre tid gjennom løypa i Holmenkollen. Seinare i 1952-sesongen vann Hakulinen også femilla i Lahti-renna. Året etter kopierte han sigeren i Lahti, han vann med nær ni minutts margin til toaren.

I 1954 vann Hakulinen Lahti-femmila for tredje gong på rad. Men før han kom så langt i sesongen, vann han fire VM-medaljar av fire moglege under ski-VM i Falun. Han starta meisterskapen med å vinne 15-kilmeteren framom landsmennene Arvo Viitanen og August Kiuru. I dei to neste tevlingane, 30 km og 50 km, vart han vist til sølvplass, begge gongane av Vladimir Kuzin frå Sovjetunionen, på 50 km vann Kuzin med åtte sekundar til gode på Hakulinen. Verdsmeisterskapen vart avrunda med at Hakulinen på 4x10 km stafett gjekk Finland inn til ein overlegen VM-tittel, etter at Kiru, Tapio Mäkelä og Viitanen hadde lagt grunnlaget.

I 1955-sesongen vann Hakulinen 50 km i Holmenkollen, to sekundar føre Pavel Koltsjin frå Sovjetunionen, og vart tildelt Holmenkollmedaljen. Hakulinen vart olympisk meister på opningsdistansen 30 km under vinter-OL i Cortina d'Ampezzo. Dernest vart han numnmer fire på 15 km og tok sølvmedaljen på 50 km, vel minuttet bak OL-vinnaren, svensken Sixten Jernberg. Til sist fekk Hakulinen og Finland sølv på 4x10 km stafett, Sovjetunionen vann øvinga. I Lahti-spelen vart han nummer tre på femmila, slått av landsmennenen Kolehmainen og Viitanen. Høgdepunktet for Hakulinen vinteren 1957 var sigeren på 15 km i Holmenkollen, der han på 50 km vart nummer to bak Kolehmainen.

Hakulinen kom på sjetteplass på 30 km då ski-VM 1958 tok til på finsk grunn i Lahti i mars 1958. Den 4. mars vart han verdsmeister på 15 km, 13,5 sekundar før Sovjets Pavel Koltsjin. To dagar seinare gjekk Hakulinen atter ankeretappen på Finlands stafettlaget, og fekk si fyrste internasjonale bronsemedalje. Meisterskapen vart avslutta med at Hakulinen, til liks med i OL to år tidlegare, vart sølvmann bak Sixten Jernberg på femmila.

Som under ski-VM i Lahti opna Hakulinen dei olympiske vinterleikane 1960 i Squaw Valley med ein sjetteplass på 30 km. I den neste tevlinga, 15-kilometeren, tok han bronsemedaljen, bakom olympiameisteren Håkon Brusveen frå Noreg og Sixten Jernberg. Den 23. mars kjempa Hakulinen så med bravur mot Noregs ankermann Håkon Brusveen i 4x10 km stafett. Han hala då i land eit OL-gull for Finland, åtte tidels sekund føre Noreg og Brusveen. Toimi Alatalo, Eero Mäntyranta og Väinö Huhtala gjekk dei andre etappane for Finland. På avslutningsøvinga 50 km kjempa Hakulinen om eit endå eit OL-gull, men måtte gje tapt mot landsmannen Kalevi Hämäläinen, som med startnummer 1 hadde fordelen av å gå tidleg ut.

Etter 1960 nådde ikkje Hakulinen heilt opp i langrennstevlingane. Derimot deltok han for Finland i den nye idrettsgreina skiskyting. Her oppnådde han ein sjetteplass under skiskytings-VM i 1963. I 1965, 40 år gammal, avslutta han sine år som aktiv vinter-idrettsmann med å gå Finland inn til femteplass på VM-stafetten i skiskyting på Elverum.

Medaljar og besteplasseringar i internasjonale meisterskap[endre | endre wikiteksten]

Langrenn[endre | endre wikiteksten]

  • Vinter-OL 1952 i Oslo: Gullmedalje på 50 km
  • Ski-VM 1954 i Falun: Gullmedaljar på 15 km og i stafett, samt sølvmedaljar på 30 km og 50 km
  • Vinter-OL 1956 i Cortina: Gullmedalje på 30 km og sølvmedaljar på 50 km og 4x10 km stafett
  • Ski-VM 1958 i Lahti: Gullmedalje på 15 km, sølvmedalje på 50 km og bronsemedalje på stafetten
  • Vinter-OL 1960 i Squaw Valley: Gullmedalje på stafetten, sølvmedalje på 50 km og bronsemedalje på 15 km

Skiskyting[endre | endre wikiteksten]

Hakulinen omkom i ei trafikkulukke i Valkeakoski i 2003.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken, aktuelle årgangar