Veivaksel

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Veivakselen)
Veivakselen (markert i raudt) i ein firesylindra stempelmotor.

Veivaksel eller veivaksling er ein aksling med veiver, som omformar lineær til roterande rørsle, eller omvendt.

Stempelmotorar[endre | endre wikiteksten]

I ein stempelmotor er veivakselen ofte plassert under sylinderane, eller på sida av desse (boxermotor) og er kopla til stempla ved hjelp av rådar (stempelstenger)[1]. Når stempla går opp og ned, går veivakselen rundt. Veivene fører til ubalanse i veivakselen, så det er som oftast plassert vekter 180 i høve til veivene som kompanserer for denne ubalansen.

Rådane driv veivakselen berre under forbrenningstakta, slik at det oppstår eit puserande dreiemoment. For å få eit jamnare dreiemoment er veivakselen utstyrt med eit svinghjul som lagrar energi og slik glattar ut dei støytvise dreiemomentpulsane. Det er òg vanleg å utsyra veivakselen med ei eller anna form for demping, som til dømes radiale viskositetsdemparar, i form ein ring med stort tregleiksmoment, kopla til veivakselen via ei væske med høg viskositet.

I motorar med fleire sylindrar er veivakselen opplagra i glidelager, kalla «bærelager», som tek opp både radiale og aksiale krefter. I moderne motorar er det som oftast eit glidelager mellom kvart stempel. Lagra er avhengig av kontinuerlig tilførsel av smøreolje, så under motoren er det ei botnpanne med ein oljesump og ei smøreoljepumpe. Pumpa pressar smøreolje fram til alle bærelagra gjennom kanalar i motorblokka. I veivakselen er det bora kanalar, slik at smøreoljen òg når fram til veivlagra, der rådane er opplagra. I einsylindra totakts småmotorar, som til dømes i motorsager, grasklypparar, o.l., vert bensin/luftblandinga sugen inn via veivhuset, noko som gjer at ein ikkje kan ha ein oljesump under veivhuset. Det vert difor nytta kulelager, som vert smurte ved at ein blandar smøreolje i bensina.

I bilar og andre køyretøyer er veivakselen kopla til ein girkasse via ei kopling (kløtsj) som er festa til svinghjulet (i båtmotorar, elaggregat, motorsager, o.l. er det ikkje girkasse). Den andre enden av veivakselen driv kamakselen via tannhjul eller ei tannreim. Vasspumpa, kjølevifta og dynamoen blir òg ofte drivne frå veivakselen via kilereimer, men på nyare motorar vert kjølevifta ofte driven av ein elmotor.

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Hütten, H., Motoren - Technik - Praxis - Geschichte, 10. utg., Motorbuch Verlag, 1997.
  2. N. Balle, Maskinbog for landmænd, Teknologisk institutts forlag, 1929.