Vekselspenning

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vekselspenning er ei elektrisk spenning der polaritet vekslar som funksjon av tid. I elnettet, til dømes, er spenninga ei sinuskurve, slik at gjennomsnittet over ein periode er null. Vekselspenning treng ikkje å vera sinusforma, men det er som oftast sinusforma spenningar som vert refererte til som vekselspenning.

Vekselspenning vert ofte feilaktig blanda saman med vekselstraum. Ein kan ha ein sinusforma vekselstraum, men det er sjeldan i bruk. Om ein påtrykker ei vekselspenning på ein ohmsk last (ein motstand) vil det gå ein vekselstraum, med same kurveform som spenninga, gjennom lasten.

Vekselspenning i elnettet[endre | endre wikiteksten]

Elnettet overfører energi ved store spenningar, for å redusera Ohmsk tap i leiarane. Apparat og maskinar som vert drivne av elektrisk energi nyttar ei lågare spenning enn elnettet. Spenninga vert då transformert ned ved hjelp av ein transformator.

Akronym[endre | endre wikiteksten]

På grunn av den dominerande stillinga til engelsk i mange land vert den engelske nemninga AC (Alternating Current) òg nytta i mange ikkje-engelsktalande land. Som namnet syner tyder nemninga vekselstraum, men AC vert òg (noko misvisande) nytta om vekselspenning. I land dominerte av fransk vert CA (Courant alternatif) nytta.

Frekvensar[endre | endre wikiteksten]

For ulike land og for ulike formål er ulike frekvensar i bruk i elnettet.

  • Det Norske jernbanenettet brukar 16 2/3 Hz, som er 1/3 av 50 Hz.
  • Det offentlege nettet og industrien brukar 50 eller 60 Hz. Europa brukar 50 Hz, medan Nordamerika brukar 60 Hz. I Japan brukar ein 50 Hz i halvparten av landet og 60 Hz i den andre halvparten.
  • I fly brukar ein 400 Hz. Dette på grunn av at massen og volumetgeneratorar og transformatorer vert redusert når frekvensen aukar.


Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Carter, G.W. og Richardson, A., Techniques of circuit analysis, Cambridge Univ. Press, 1972.
  • Clement, P.R. og Johnson, W.C., Electrical engineering science, McGrew-Hill, 1960.
  • Dorf, R.C. og Svoboda, J.A., Introduction to electric circuits, 5. utg., John Wiley & Sons, 2001.
  • Edminister, J.A., Electric circuits, 1. utg., McGrew-Hill, 1965.
  • Hayt, W.H. og Kemmerley, J.E., 5. utg., McGrew-Hill.1993.
  • Ivison, J.M., Electric circuit theory, Van Norstrand Reinhold Australia, 1977.