Vekter og motvekter

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Vekter og motvekter, eller på engelsk checks and balances, er etter maktfordelingsprinsippet dei åtgjerdene dei åtskilde styremaktene har tilgjengeleg til å kontrollera kvarandre og hindra maktmisbruk. Det klåraste systemet med slike vekter og motvekter finn me i presidentialismen og i ser i Sambandsstatane. Vekter og motvekter går ut på at kongressen kan røysta ned framlegg frå presidenten, presidenten kan leggja ned veto mot kongressvedtak, og alt desse styremaktene tek seg føre kan prøvast etter prøvingsretten for den dømande makta, domstolane og Høgsterett.