Hopp til innhald

Velikij Ustjug

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velikij Ustjug
Великий Устюг
by
Våpenskjold
Land  Russland
Føderasjonssubjekt Vologda oblast
Areal 17 km²
Folketal 28 266 (2023)
Retningsnummer +7 81738
Bilnummer 35
Kart
Velikij Ustjug
60°45′32″N 46°18′14″E / 60.758888888889°N 46.303888888889°E / 60.758888888889; 46.303888888889
Wikimedia Commons: Veliky Ustyug

Velikij Ustjug (russisk Вели́кий У́стюг) er ein by i Vologda oblast i Russland med om lag 30 000 innbyggjarar. Han ligg der elvane Sukhona og Jug renn saman.

I skogen nær Velikij Ustjug ligg ein turiststad som vert marknadsført som Ded Moroz sin vottsjina, hans offisielle bustad.

Den første busetnaden ein veit om her var klosterbusetnaden ved Gleden (russisk Гледен), som vart oppretta nær staden der elva Jug renn saman med Sukhona og dannar elva Nordre Dvina). På slutten av 1400-talet hadde staden fått tittelen Store - Velikij (russisk Великий).

Byen Velikij Ustjug er først nemnt i ei skriftlege kjelde i 1207. Han var ein del av fyrstedømet Vladimir-Suzdal. Sidan han låg der fleire viktige handelsruter kryssa kvarandre, utvikla byen seg til eit viktig handels- og industrisenter på 15- og 1600-talet. Velikij Ustjug mista denne viktige rolla som elvehamn etter kvart som handelen langs Sukhona tapte i høve handelen mellom Kina og Vest-Europa. Dette vart særskild verre etter opninga av Suezkanalen i 1869. Byen er elles kjend for sine utsøkte handverk, som sølvfiligrans, neverutskjeringar, dekorativ koparbinding og niello.

Biletgalleri

[endre | endre wikiteksten]

    Bakgrunnsstoff

    [endre | endre wikiteksten]
    Commons har multimedium som gjeld: Velikij Ustjug