Velitsje Sjumulikoski

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velitsje Sjumulikoski
Personleg informasjon
Fullt namn Величе Шумуликоски
Velitsje Sjumulikoski
Fødd 24. april 1981
Fødestad Struga
Høgd 183 cm
Posisjon Midtbanespelar
Klubbinformasjon
Noverande lag
Tobol
Seniorkarriere*
År Lag Kampar (Mål)
1999-2002
2002-04
2004-06
2006-08
2008-09
2009-10
2010
2011-
Celje
Tsjekkia Slovácko
Zenit
Tyrkia Bursaspor
Ipswich
Preston
Sibir Novosibirsk
Kasakhstan Tobol
56 (4)
55 (7)
75 (2)
30 (1)
42 (1)
15 (0)
13 (0)
0 (0)
Landslag
2002- Det nordmakedonske flagget Makedonia 70 (1)
* Seniorklubbkampar og mål berre telt for nasjonal liga og oppdatert 28. november 2010
‡ Landslagsmål oppdatert 17. november 2010

Velitsje Sjumulikoski (fødd 24. april 1981) er ein makedonsk fotballspelar, som i 2011-sesongen spela på midtbanen for Tobol i den kasakhstanske toppdivisjonen. Han spelar òg på Makedonia sitt landslag.

Sjumulikoski har spelt for klubbar i toppdivisjonen i Slovenia, Tsjekkia, Russland og Tyrkia, og for Ipswich Town og Preston North End på nest høgste nivå i England. Han kom til Ipswich frå tyrkiske Bursaspor i januar 2008. Han spelte 42 ligakampar for Ipswich fram til august 2009, då han vart selt til Preston for om lag 400 000 pund. Han spelte 15 ligakampar for Preston fram til desember 2009, men etter at klubben då fekk ny manager, spelte ikkje Sjumulikoski fleire kampar for Preston. Han vart slept fri frå kontrakten sin med klubben i mai 2010 og skreiv under for den russiske toppserieklubben Sibir Novosibirsk i august same året. Sibir rykte ned frå den russiske toppdivisjonen i 2010-sesongen, og Sjumulikoski gjekk då til Tobol i Kasakhstan.

Sjumulikoski debuterte for Makedonia sitt A-landslag i 2002.