Velký Lopeník

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Velký Lopeník
fjell
Location of Czech city Bojkovice.png
Plassering i Tsjekkia
Land Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkia, Flag of Slovakia.svg Slovakia
Fjellkjede Dei kvite Karpatane
Høgd 911 moh
Koordinatar 48°55′N 17°48′E
Wikimedia Commons: Velký Lopeník

Velký Lopeník (Veľký Lopeníkslovakisk) er det nest høgaste fjellet i Dei kvite Karpatane på grensa mellom Tsjekkia og Slovakia. Fjellet har ei høgd på 911 meter.

Området rundt fjellet Moravisk Kopanice (Moravské kopanice eller Kopanice) var eit åslendt område med primitivt jordbruk og små, spreidde gardar. Den nærmaste landsbyen er Lopeník, Březová (Tsjekkia) og Nová Bošáca (Slovakia).

Fleire utkikkstårn har vorte bygd på toppen av fjellet. Det første vart bygd i 1944, men brann ned i 1946. Eit anna fall ned i 1972. I 2004-2005 vart det bygd eit 22 meter høgd tårn av tre. Det vart plassert direkte på grensa som eit symbol på venskap mellom tsjekkarar og slovakarar.

På grunn av dårleg infrastruktur er det lite turisme på fjellet, som er forholdsvis utilgjengleg.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]