Velledalen

Koordinatar: 62°17′51″N 6°39′52″E / 62.29750°N 6.66444°E / 62.29750; 6.66444
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

62°17′51″N 6°39′52″E / 62.29750°N 6.66444°E / 62.29750; 6.66444

Utsyn over Velledalen

Velledalen er eit dalføre i Sykkylven kommuneSunnmøre. Dalføret er omkransa av fjell og isbrear. Nokre fjell i området: Råna 1586m, Store Brekketind 1578m, Midtre Regndalstind 1540m, Brunstadhornet 1524m, Vellesæterhornet 1510m.

Ein kjend person frå Velledalen er skodespelaren Edvard Drabløs. Han var ein sentral aktør i opprettinga av Det Norske Teatret, mellom anna som teatersjef. Han deltok vidare i mange norske filmar. Det er reist ei statue av Edvard Drabløs ved Velledalen Grendahus (utforma av Tore Bjørn Skjølsvik)

Også tidlegare stortingsrepresentant Arnold Weiberg Aurdal (Sp) kjem frå Velledalen.