Velmunden

Koordinatar: 60°28′12″N 10°17′18″E / 60.47000°N 10.28833°E / 60.47000; 10.28833
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Velmunden
innsjø
Kanopadlarar som legg ut frå Solvik.
Foto: John Erling Blad
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Gran
Høgd over havet 389 moh.
Areal 2,86 km²
Kystlengd1 21,06 km
Koordinatar 60°28′12″N 10°17′18″E / 60.47000°N 10.28833°E / 60.47000; 10.28833
Kart
Velmunden
60°28′12″N 10°17′18″E / 60.47°N 10.288333°E / 60.47; 10.288333
1 Kystlengd er eit unøyaktig mål som kanskje ikkje er standardisert for denne artikkelen.

Velmunden er eit vatn som ligg i området Fjorda mellom Randsfjorden og Sperillen i Gran kommune i Innlandet. Området er populært for kanopadling, og har fleire stader med kanoutleige. Namnet Velmunden vert ofte òg nytta for heile området.

Området omfattar fleire små og større vatn som heng meir eller mindre saman. Velmunden heng saman med Vestlandsfjorden mot vest. Området er spanande å padle i, med fleire tronge viker og sund. Vatna har gode høve for fiske, og det grunne vatnet får forholdsvis tidleg bra badetemperaturar. På holmane og nesa i området er det fine teltplassar og det er sett opp nokre toalett.

Namnet kan vere avleidd av eit tapt elvenamn velma lånt frå sørsamisk vealma, ’stille, djupt stykke elv’ eller ’stilla’.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Innlandet å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.