Velsigna ver, du Jesus Krist

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Velsigna ver, du Jesus Krist!
Din daude berga mange,
Du vart den rette Samson visst,
Som slo den deg tok fange,
Og daudens portar braut du ned
Og vann oss fred,
Og uskadd ut fekk ganga.

Frå Nynorsk salmebok nr 274

«Velsigna ver, du Jesus Krist!» er, slik salmen står i Nynorsk salmebok, Bernt Støylen si omsetjing av siste delen av ein av Petter Dass sine katekismesongar: «Den Aposteliske Troes Artikle - Den Fierde Sang». Originalen vart framlagt for sensuren i 1698 og trykt første gong i 1714.

Petter Dass-salmen er skriven til ein del av den apostoliske truvedkjenninga: «Piint under Pontio Pilato, korsfæst, død og begraven». Originalen har 25 vers. M.B. Landstad valde ut vers 19, 20, 23, 24 og 25 da han gjendikta salmen og tok han med i si Kirkesalmebog, der han vart trykt under 1. påskedag, på nr 355. Bernt Støylen tok utgangspunkt i dei same versa da han omsette salmen nynorsk, og denne versjonen vart trykt på nr 274 i Nynorsk salmebok.

I Norsk salmebok er salmen trykt på nr 156, og her er han tatt med under bolken for langfredag og påskeaftan.

Meloditilvisinga hos Petter Dass er «Siungis som: Maria hun er een Jomfrue reen, etc». Denne melodien er det òg vist til hos Landstad og i Nynorsk salmebok. I Norsk salmebok er salmen trykt med ein melodi skriven av Johan Varen Ugland i 1972. .

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Med dig skal da min Kiøds Skavank
I Graven lukkis inde,
Jeg skal opreysis klar og blank,
Men den skal slet forsvinde,
Den skal som Røg og Damp forgaa,
Jeg skal opstaa
It bedre Land at finde.

Siste vers av Petter Dass-salmen