Vena axillaris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Jump to navigation Jump to search
Vena axillaris

Vena axillaris («armholevenen») er ein stor vene som frakter blod frå laterale del av brystkassen, armhola og overekstremiteten til hjartet. Venen finst på begge sider av kroppen.

Den oppstår ved nedre rand av musculus teres major som ei vidareføring av vena brachialis og v. basilica.[1] Ved siste del av venen oppstår også vena cephalica.[2] Andre sideårer er vena subscapularis, v. circumflexa humeri anterior, v. thoracica lateralis og v. thoracoacromialis.[3] Venen endar ved laterale rand av fyrste ribbein, der den held fram som v. subclavia. Venen er fylgd heile vegen av arteria axillaris.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Moore, Keith L. et al. (2010) Clinically Oriented Anatomy, 6. utgåve, s. 718
  2. Moore, Keith L. et al. (2010) Clinically Oriented Anatomy, 6. utgåve, s. 718
  3. Moore, Keith L. et al. (2010) Clinically Oriented Anatomy, 6. utgåve, fig. 6.16