Klaffelause vener
(Omdirigert frå Venae diploicae)
Klaffelause eller diploiske vener (av latin venae diploicae) er store, tynnvegga og klaffelause blodårer som verkar som tappekanalar frå diploë gjennom det indre og ytre skalletaket i hovudskallen.[1] Dei fire hovudtypane av klaffelause vener, som finst på begge sider av hovudet, ligg rundt panna, fremre tinning, bakre tinning og bakhovudet. Dei tappar inn i s. durae matris, og er ferdig utvikla omkring to år etter fødsel.[1]
Typar[endre | endre wikiteksten]
- Dei frontale venene ligg i pannebeinet og opnar inn i v. supraorbitalis og s. sagittalis superior.
- Dei fremre venene i tinningen, som i hovudsak er avgrensa til pannebeinet, opnar inn i s. sphenoparietalis og inn i ein av dei djupe venene, v. temporalis profunda, gjennom ein apertur i den store kilebeinsvinga (ala major ossis sphenoidalis).
- Dei bakre venene i tinningen ligg i issebeinet og sluttar ved s. transversus. Dei kjem gjennom ein apertur ved angulus mastoideus i pannebeinet, eller gjennom f. mastoideum.
- Venene i bakhovudet er dei største. Dei er avgrensa til bakhovudbeinet, og opnar seg anten utvendig inn i venae occipitales, innvendig inn i sinus transversus eller inn i confluens sinuum.
Kjelder[endre | endre wikiteksten]
- Denne artikkelen bygger på «Diploic veins» frå Wikipedia på engelsk, den 2. mars 2015.
- ↑ 1,0 1,1 «diploic vein». TheFreeDictionary: Medical Dictionary. Henta 2. mars 2015.