Vendée

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
For elva med same namn, sjå elva Vendée.
Vendée
Våpenskjoldet til Vendée
Plassering
Plasseringa til Vendée i Frankrike
Administrasjon
Departmentnummer: 85
Region: Pays de la Loire
Préfecture: La Roche-sur-Yon
Sous-préfectures: Fontenay-le-Comte
Les Sables-d'Olonne
Arrondissement: 3
Kantonar: 31
Kommunar: 282
Président du conseil général: Philippe de Villiers
Statistikk
Folketal Rangering 45.
 -1999 559 888
Folketettleik: 80/km²
Landareal¹: 6 720 km²
¹ Franske landdata, som ikkje tar med elvemunningar, innsjøar, vatn og isbrear større enn 1 km².
Frankrike

Vendée er eit departementet vest i Frankrike ved Biscayabukta. Departementet ligg i regionen Pays de la Loire, og er kalla opp etter elva med same namn.

Carte generale de la Vendée.svg

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vendée er eit av dei 83 opphavlege departementa som vart oppretta 4. mars 1790 under den franske revolusjonen. Det vart danna frå delar av den tidlegare provinsen Poitou.

Historisk er Vendée kjent for opprøret mot den franske revolusjonsregjeringa i 1793, under den franske revolusjonen. Mange bønder i området mislika endringane som hadde vorte innførte i Den katolske kyrkja i 1790, og ope opprør braut ut då regjeringa innførte militær verneplikt.

Opprøret, som tok form av geriljakrig, var leidd av ei undergrunnsrørsle kalla Chouans, og kosta meir enn 100 000 liv før det enda i 1796. Styresmaktene tok i bruk harde tiltak for å slå opprøret ned. Både opprørarane og regjeringa bruka terror som verkemiddel.

Opprøret er emne for romanen Quatre-vingt-treize (1793), den siste romanen til den namngjetne franske forfattaren Victor Hugo. Karl Marx bruka uttrykket "eit Vendée" for "eit sentrum for kontrarevolusjonær aktivitet".

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Departementet er i dag ein del av regionen Pays de la Loire og grensar til departementa Loire-Atlantique, Maine-et-Loire, Deux-Sèvres og Charente-Maritime, i tillegg til Atlanterhavet i vest.

Det høgaste punktet i Vendée er Mont Mercure (285 m).

Fire elvar kryssar departementet: Sèvre Nantaise (135 km), Vendée (70 km), Lay (110 km) og Sèvre Niortaise (150 km).

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Innbyggjarane i departementet vert kalla vendéens.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Hovudnæringane i departementet er turisme, jordbruk, næringsmiddelindustri og små/mellomstor industri.

Vendée vert rekna for det mest dynamiske departementet økonomisk sett i Frankrike[1]. Departementet har låg arbeidsløyse (rundt 7 % mot 9 % nasjonalt) og svært mange små eller mellomstore selskap (eit selskap for kvar 14. innbyggjar).

Vendée har meir enn 150 km med sandstrender, og i lag med mildt klima har desse trekt til seg mange turistar. Populære feriestader er mellom anna Les Sables-d'Olonne, La Tranche-sur-Mer og St Jean de Monts.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Vendée