Vendekrins

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Vendekrins eller vendesirkel syner til to breiddegradssirklar på jorda og på himmelen som er parallelle til ekvator med ein avstand på 23 grader og 27 minutt. Det vil sei det same som ekliptikkhellinga.

Den nordlege vendekrinsen vert kalla Krepsen sin vendekrins (tropicus cancri) og den sørlegaste vert kalla Steinbukken sin vendekrins (tropicus caprimaisi).

Berøringspunkta til vendekrinsen på himmelen med ekliptikken, solkvervpunkta, syner byrjinga på høvesvis teiknet til Krepsen og teiknet til Steinbukken, og her oppnår sola den største og minste deklinasjonen før ho vender attende mot ekvator.

På jorda dannar dei to vendekrinsane skilje mellom dei tempererte sonene og den tropiske sonen, og sola står i senit ved høvesvis sommar- og vintersolkverv.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]