Venera 5

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Venera 5 var ein sovjetisk romsonde til Venus og vart skoten opp 5. januar 1969. Han var identisk i utforming til Venera 6.

Venera 5 gjekk inn i atmosfæren til Venus den 16. mai 1969 på nattsida til planeten. Han sende attende målingar til jorda kvart 45. sekund i 53 minutt før kontakten med han vart broten. Dette hende ved ei høgd på mellom 24 og 26 kilometer, ein temperatur på 320 °C og eit trykk på 26,1 bar.

Fotometeret til sonden fann eit ljosnivå på 250 W/m²

Kjelder[endre | endre wikiteksten]