Venera 6

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Venera 6 var ein sovjetisk romsonde til Venus og vart skoten opp 10. januar 1969. Han var identisk i utforming til Venera 5.

Venera 6 gjekk inn i atmosfæren til Venus den 17. mai 1969 på nattsida til planeten. Han sende attende målingar til jorda kvart 45. sekund for 51 minutt før kontakten med han vart broten. Dette hende ved ei høgd på mellom 10 og 12 kilometer. Fotometeret til sonden fungerte ikkje under nedstiginga.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]