Venera 9

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Venera 9 var ein sovjetisk romsonde til Venus og vart skoten opp 8. juni 1975. Ferda var sett saman av ein bandesonde og ein landar. Venera 9 og Venera 10 var identiske romsondar lagde for oppskytingshøvet i juni 1975. Bileta Venera 9 sende attende frå yta til Venus var dei fyrste nokosinne frå yta til ein annan planet.

Før landinga kjølte eit system med sirkulerande væske ned landaren til -10 °C. Systemet kunne dessutan fordela varmen i landaren, alt for at landaren skulle overleva lengst mogeleg på Venus-yta.

Landinga fann stad 05:13 UT. Bileta frå landaren viste at det tilsynelatande ikkje var noko støv i lufta, og nokre 30-40 cm store steinar som ikkje var nedbrotne. Det vart berre teke eit 180 graders panorama og ikkje eit 360 eit, av di eitt av to lok ikkje slapp taket.

Tidlege resultat frå Venera 9-landaren gav eit ytetrykk på kring 90 jordatmosfærar og ein ytetemperatur på 485 °C

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]