Veng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Broom icon.svg Denne artikkelen kan ha godt av ei opprydding for å nå ein høgare standard og/eller for å verta i tråd med standardoppsettet. Sjå korleis du redigerer ei side og stilmanualen for hjelp.
Svevande måse
Vengutformingar: Eit fly med bakoverbøygde venger fyller bensin på fly med deltavenge

Ein veng, venge eller vengje er ein finne med ei form som skaper løft med hjelp av aerodynamiske krefter om han rører seg gjennom luft eller andre gassar, vatn eller andre væsker. Venger kan medvirke til å regulere høgdnivået på ein lekam, men berre når det er ein relativ fart i høve til gassen eller væska han omgjev seg med.

'Veng' kjem frå frå det norrøne vængr.[1] Gjennom fleire århundre har omgrepet vist hovudsakleg til dei fremste lemmar på fuglar. Men i dei siste hundreåra er tydinga til ordet utvida til å omfatte flymaskinar, ein flyveng. Propellvenger, òg propellblad, har til føremål å flytte luft eller vatn. Møllevenger er laga for å hente mekanisk energi ut lufta som passerer. Racerbilar kan nytte venger til å skape ei nedkraft som hjelper til auka friksjon mot underlaget.

Mange vassfuglar inkludert pingvinar, alkefuglar, skarvar, lirer, dukkpetrellar og ender som ærfugl er utmerkte dukkarar og nyttar vengene til framdrift gjennom vatn.[2]

Den aerodynamiske kvaliteten til ein veng kan uttrykkjast som løft-til-drag forholdet. Løftet som ein veng genererer ved ein gjeve fart og angrepsvinkel kan vere ein til to storleiksordenar større enn det totale draget på vengen. Eit høgt forholdstal krev ein monaleg mindre skyvekraft for å drive vengene gjennom lufta med tilstrekkeleg løft.

Bruk av venger[endre | endre wikiteksten]

I dyreriket finn vi venger hos fuglar, som utvikla flygeevne for 150 millionar år sidan, hos insekt, som utvikla flygeevne for 300 millionar år sidan), hos nokre krypdyr (dei utdøydde flygeøglane høyrer hit), hos nokre få pattedyr (flaggermus) og hos svevande flygefisk.

Menneske har frå gammalt brukt venger i innretningar som bumerangar og drakar. I moderne tid vert venger bruka i til dømes fly, helikopter og romferjer.

Måten dyra brukar vengerørsler til å skape oppdrift og til å generere luftkvervlar er komplisert, og neppe fullt ut klarlagt. Lenge etter at flya var tekne i bruk til persontransport over verdshava kunne vitskapen ikkje forklare korleis ei humle kunne lette frå bakken og halde seg flygande. Først på 1990-talet har vi fått ein vitskapleg forklaring på korleis humla flyg[3] [4] [5] [6].

Dynamisk oppdrift[endre | endre wikiteksten]

For å gje dynamisk oppdrift, må ein veng bli passert av ein luftstraum.

Faste venger[endre | endre wikiteksten]

Vengene på fly med eller utan motorkraft, og på dyr som praktiserer sveveflyging, leverer dynamisk oppdrift på følgjande måte:

  • Venger og evt. andre delar av flyet genererer dynamisk oppdrift, fordi de endrar retninga og/eller farten på luftstraumen.

Rørlege venger[endre | endre wikiteksten]

Augnestikkar med fire rørlege venger

Flygande dyr som f.eks. mange fuglar og insekt får framdrift ved å bevege vengene slik at dei ikkje berre gjev løftekraft, men òg framdrift. Desse gjentekne rørslene kan minne om former for symjing.

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. «Veng» i Nynorskordboka
  2. Ehrlich, Paul R. , D. S. Dobkin, D. Wheye. «Swimming». Stanford.edu. http://www.stanford.edu/group/stanfordbirds/text/essays/Swimming.html. Henta 4. mai 2016. 
  3. Cornell News: Insect aerodynamics: Bumblebees finally cleared for takeoff: Insect flight obeys aerodynamic rules, Cornell physicist proves Citat: "..."Rapid oscillations pose one of the most difficult questions for fluid dynamics," Wang said. "Things become very messy."..."
  4. July 2, 1999, The Chronicle: Research & Publishing: A Berkeley Professor Uses Robotic Wings to Explain How Insects Fly Citat: "...delayed stall would provide an insect with only enough lift to prevent it from falling to the ground..."
  5. June 28, 1999, Science & Technology at Scientific American.com: Fly Like a Fly Citat: "...wing curvature seems to play almost no role in insect flight; the wings are surprisingly rigid and flat, Dickinson notes... the hover fly, appears to use delayed stall very little, but makes great use of rotation circulation and wake capture..."
  6. February 12/19, 2003, trnmag: Butterflies offer lessons for robots Citat: "...Free-flying butterflies "use all of the known mechanisms to enhance lift -- wake capture, leading-edge vortex, clap and fling, and active and inactive upstrokes -- as well as two mechanisms that had not been postulated, the leading-edge vortex during the upstrokes and the double leading-edge vortex," said Srygley..."
Spire Denne artikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.