Venjetindan

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Venjetindan
fjell
Venjetindan sett frå nordvest.
Land  Noreg
Område Rauma (Møre og Romsdal)
Høgd Store Venjetinden: 1 852 moh.
Kart
Venjetindan
62°29′43″N 7°49′22″E / 62.49515°N 7.822706°E / 62.49515; 7.822706
Wikimedia Commons: Vengetindene

Venjetindan eller Vengetindene er eit fjellmassiv i Rauma kommune i Møre og Romsdal. Det er det høgaste fjellmassivet i området, og ligg omkransa av andre kjente fjell, som Romsdalshorn, Kvanndalstind og Trolltindane.

Venjetindan strekkjer seg i nord-sørleg retning, med den høgaste toppen, Store Venjetinden (1852 moh.), lengst nord. Litle Venjetinden (1820 moh.) ligg rett sør for Store Venjetinden. Desse to markante toppane er skild frå kvarandre av eit bratt skar (Vestgjelet), og begge toppene har bratte sørveggar med fleire alternative klatreruter opp. Vidare held tinderekka fram med tindar og mindre veggar langs ryggen mot Søndre Venjetinden, og vidare ryggen over mot Kvanndalstindan. Vestsida av Venjetindan er dominert av store ryggar og renner, samt den bratte vestveggen på Store Venjetinden. På austsida ligg Mjølnerbreen.

Saman med Kvanndalstindan kan Venjetindan by på det mest alpine terrenget i Romsdalen. Her finn ein òg noko av det fastaste fjellet i området, og fjellet er derfor eit populært mål for fjellklatrarar. Vegen til dei fleste klatrerutene går frå Venjesdalen, via bomveg frå Isfjorden.

Spire Denne geografiartikkelen som har med Møre og Romsdal å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.