Vennesla kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Vennesla kommune
Kommune
Kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Vest-Agder
Adm.senter Vennesla
Areal 384 km²
 - land 363 km²
 - vatn 21 km²
Folketal 14 308 (1. januar 2016)
Folketettleik 39 / km²
Målform Nøytral
Ordførar Torhild Bransdal (KrF)
Kommunenummer 1014
NO 1014 Vennesla.svg
Wikimedia Commons: Vennesla

Vennesla er ein kommune i Vest-Agder fylke. Kommunen grensar til Kristiansand i sør, Songdalen og Marnardal i vest, Evje og Hornnes i nord og Iveland og Bikrenes i aust. Kommunen er prega av elva Otra, som renn sentralt gjennom han. I vest har han kyst mot Kilefjorden og skog- og heiområde. Vennesla er den største tettstaden og administrasjonssenter i kommunen.

Vennesla kommune blei oppretta 1964 då dei tidlegare kommunane Hægeland, Øvrebø og Vennesla blei slått saman. Kommunen omfattar sokna Vennesla, Hægeland og Øvrebø i Vennesla prestegjeld i Otredal prosti i Agder bispedøme. Han høyrer til Vennesla og Iveland lensmannsdistrikt i høyrer under Kristiansand tingrett.

Kommunevåpenet viser stiliserte trestammar, tre elveband og to tannhjul, alt i gull, mot raud bakgrunn.

Det er 6 barneskular, éin barne- og ungdomsskule og ein ungdomsskule i kommunen.

Setesdalsbanen.
Vigeland jarnverk, ca. 1925
Foto: Domenico Erdmann
Ein del av tettstaden Hægeland sett frå sør over Hægelandsvatnet.
Foto: Siri Johannessen

Historie og kultur[endre | endre wikiteksten]

Setesdalsbanen, som i dag er museumsjernbane, byrjer ved Grovan i Vennesla og går til Røyknes. Fjellmannsvegen mellom Setesdal og Kristiansand er i dag ein tursti i kommunen.

Bommen Elvemuseum på Drivenes ligg vest for Venneslafjorden. Den verna Vigeland Hovedgård i empire- og sveitsarstil, no senter for kunst og brukskunst, ligg også i kommunen.

«Øvrebø-skien» funne på garden Mushom i 1929 blei lenge rekna som den eldste skien i Noreg. Nyare dateringar viste at han var yngre enn ein hadde trudd, rundt 500 år gammal.

Venskapsbyar[endre | endre wikiteksten]

Tettstader[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Geir Thorsnæs, Vennesla (8. juli 2010), Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. januar 2014.
  • Om kommunen, vennesla.kommune.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 58°20′33.8″N 7°58′33.4″E