Hopp til innhald

Vennesla kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vennesla kyrkje
kyrkje
Foto: Jon Østby
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Agder og Telemark
Prosti Otredal
Sokn Vennesla
Fellesråd Vennesla
Arkitekt Link Arkitektur
Material Tre, flis, betong, stål
Innvigd 3. april 2022
Kyrkjegard Ja
Sitjeplassar 600
Kart
Vennesla kyrkje
58°16′35″N 7°58′13″E / 58.2762574°N 7.9703664°E / 58.2762574; 7.9703664
Wikimedia Commons: Vennesla kirke

Vennesla kyrkje er ei kyrkje i Vennesla kommune i Agder fylke. Ho vart oppført i 2022 ved sida av Vennesla gamle kyrkje (oppført 1829). Den gamle kyrkja hadde for liten kapasitet og avgrensa med moglegheiter. Den gamle kyrkja skal mellom anna nyttast til mindre plasskrevjande seremoniar.[1][2]

Kyrkja vart innvigd i 2022 og har 600 sitjeplassar (tre gonger så stor kapasitet som Vennesla gamle kyrkje), og bygget har i alt 2 300 m2. Bygget vart oppført på oppdrag frå Vennesla kyrkjelege fellesråd og kosta totalt 76 millionar kroner. Det er teikna av Link Arkitektur etter åpen konkurranse. Konstruksjonen består av stål og betong som nokre stader er eksponert. Veggane er dels kledde med eikepanel. Golva er for ein stor del dekka med terrasofliser. Oppvarminga skjer mellom anna med varmepumpe basert på brønnar bora i grunnen.[2] Utvendig er kyrkja kledd med keramiske fliser laga spesielt for dette bygget. Kyrkjesalen har skråtak. Altartavla er laga av Tor Lindrupsen.[3][4][5] Bygget har ein kjellar på 800 m² med scene; bygget har kjøkken, kyrkjekontor, barne- og ungdomssenter og eit stillerom med plankar frå eit kyrkjebygg frå 1500-talet. Barne- og familieminister Kjersti Toppe var til stades ved vigslinga.[6]

Det har vore kyrkje på staden sidan mellomalderen.[7]

  1. Martinsen, Jarle R. (2022-04-03). «(+) Har tredoblet kapasiteten: Stappfullt under innvielsen av ny kirke». fvn.no (på norsk). Henta 2022-09-10.
  2. 1 2 Brekkhus, Arve (2022-04-05). «Vennesla kirke». www.bygg.no (på norsk). Henta 2022-09-10.
  3. Guttormsen, Arne. «Mener hans nye altertavle også kan tolkes sekulært». Vårt Land (på norsk). Henta 2022-09-10.
  4. Gaute Brochman: Herren og hyggen. Morgenbladet, 26. august 2022, s.28.
  5. «Spesiell teglarkitektur på Vennesla Kirke». Sørlandsavisen (på norsk bokmål). 2021-10-27. Henta 2022-09-10.
  6. Odd Inge Uleberg (april 2022). «Folkefest da Vennesla kirke ble vigslet - VENNESLA KOMMUNE». www.vennesla.kommune.no (på norsk). Arkivert frå originalen 2022-09-10. Henta 2022-09-10. {{cite web}}: Invalid |url-status=yes (hjelp)
  7. Jakobsen, Marianne (2016-12-24). «– Kan reise innsigelse mot ny kirke i Vennesla». NRK (på norsk bokmål). Henta 2022-09-10.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]