Vennskapsband

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Vennskapsbånd)
Vennskapsband i ulike mønster.
Foto: Ra'ike

Vennskapsband er armband laga av knytt tråd som gjerne blir gjevne som symbol på vennskap. Skikken og handarbeidet stammar frå innfødd latinamerikansk kultur og er ei form for makramé. Bruken av vennskapsband i Vesten er særleg utbreidd blant unge jenter, hippiar og surfarar.

Knyting av vennskapsband i Vietnam.
Foto: Satbir Singh

Vennskapsband spreidde seg som mote frå Latin-Amerika til USA frå 1970-talet, og er no kjende over store delar av verda. I tillegg til vennskap har dei også vore symbol for tilstøytande emne, som fred, utviklingshjelp og støtte for homofile.

I følgje tradisjonen skal ein ha på seg eit vennskapsband til det er blitt så utslite at det fell av. Dette ærer arbeidet og kjærleiken vennen som laga det har lagt ned i bandet. Ein annan tradisjon seier at ein får eit ønske oppfylt om ein har på seg armbandet i så lang tid.

Framgangsmåte[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga på eit vennskapsband.
Foto: Dicemanic

Ein lagar vennskapsband ved å knyta to eller fleire trådar på kvarandre. Knutane skaper eit ruglete, smalt band som har eit særskilt mønster. Det enklaste mønsteret er sikksakkstriper, som ein får om ein alltid tar tråden frå ei side og knyter han i kvar av dei andre før ein byrjar den neste omgang. Andre mønster får ein ved å nytta ulik rekkefølgje.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]