Venstre

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
For den politiske retninga, sjå venstresida. For andre tydingar, sjå venstre (fleirtyding).
Venstre

LandNoreg
Partileiar(ar)Guri Melby
Grunnlagt28. januar 1884
HovudkvarterVenstres Hus
Ungdomsorg.Unge Venstre
Donasjonar5 249 493 (2021)[1]
Medlemstal7 219 (2022)[2]
IdeologiSosialliberalisme
Politisk posisjonsentrisme[3]
Internasjonal tilknytingDen liberale internasjonale
Farge                   Grøn
Slagord«Norges liberale og grønne parti»
«Frihet og muligheter for alle»
Ordførarar
7 / 428
Kommunestyre-
representantar
545 / 10 620
Fylkestings-
representantar
39 / 777
Stortings-
representantar
8 / 169

Venstre er eit liberalt[4] politisk parti i Noreg. Partiet var med i regjeringa Solberg. Partiet er det eldste i Noreg, og vart grunnlagt i 1884.

Venstre er medlem av Den liberale internasjonale og det Europeiske Liberaldemokratiske- og Reformpartiet.

Partiet har vore i borgarlege koalisjonsregjeringar og i sentrumskoalisjonar.

Leiaren for partiet har sidan september 2020 vore Guri Melby. Parlamentarisk leiar er Terje Breivik.[5]

Ideologi[endre | endre wikiteksten]

Partiet sin ideologi framhevar fridom for individet, kombinert med eit sosialt ansvar. Sidan tidleg på 1970-talet har miljøvern vore den politiske hovudsaka til partiet. I dei siste valkampane har Venstre fokusert på miljøvern og tilhøva for små og mellomstore bedrifter. Venstre går òg inn for friare arbeidsinnvandring, avskaffing av statskyrkja, ein flatare skatt og større lokalt sjølvstyre. På landsmøtet i 2005 vedtok partiet med minst mogleg margin å framleis vera motstandar av norsk medlemskap i EU. I staden går Venstre inn for framhald av EØS-avtalen.

Organisasjon[endre | endre wikiteksten]

Ungdomsfylkinga til partiet heiter Unge Venstre. Knytt til partiet er òg ei kvinnefylking, Venstrekvinnelaget, og eit studentlag, Liberale Studentar.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Venstre vart danna i 1884 som eit resultat av striden om innføring av parlamentarisme i Noreg. Venstre vart danna av dei politiske kreftene som gjekk inn for parlamentarisme, i motsetnad til Høgre, som var dei kreftene som gjekk imot. Då kampen for parlamentarismen var vunnen vart leiaren av Venstre, Johan Sverdrup, den fyrste norske statsministeren som vart utpeika på grunnlag av å ha fleirtalet i Stortinget bak seg. Men den breie koalisjonen som Venstre i realiteten var heldt ikkje saman lenge. I 1888 braut store delar av partiet, som var assosierte med lekmannskristne rørsler og leidde av predikanten Lars Oftedal, ut og danna Moderate Venstre.

I perioden frå 1884 til mellomkrigstida bytte Venstre og Høgre på å ha regjeringsmakta i landet. Venstre gjekk i denne tida inn for mellom anna ålmenn røysterett for menn, som vart oppnådd i 1898, oppløysing av unionen med Sverige, som skjedde i 1905, og ålmenn røysterett for kvinner, som vart gjennomført i 1913. Venstre har hatt seks statsministrar, den siste var Johan Ludwig Mowinckel, som gjekk av frå sin tredje og siste periode som statsminister i 1935.

Med Arbeidarpartiet sin vekst miste Venstre gradvis røyster i arbeidarklassa. Tidleg på 1900-talet miste partiet òg den mest konservative fløya til Samlingspartiet og Frisindede Venstre. Stortingsvalet i 1915 var det siste der Venstre, under Gunnar Knudsen, vart det største partiet, og vann reint fleirtal på Sitortinget. Venstre vart ytterlegare svekt med danninga av Bondepartiet i 1920. Sjølv om Bondepartiet ikkje var eit reint utbrytarparti frå Venstre, tok partiet brorparten av veljarane sine frå tidlegare Venstre-veljarar. I 1933 vart òg utbrytarpartiet Kristeleg Folkeparti danna etter nominasjonsstrid i Venstre i Hordaland. Då dette vart eit landsdekkjande parti etter andre verdskrigen gjekk det ytterlegare ut over Venstre sin oppslutnad.

Etter den andre verdskrigen[endre | endre wikiteksten]

Venstres Hus i Møllergata i Oslo; arkitekt Knut Knutsen (1954)

Venstre var lenge skeptisk til å ta del i forpliktande samarbeid med Høgre, men i 1963 vart partiet for fyrste gong med i ei koalisjons-regjering med Høgre, Senterpartiet og Kristeleg Folkeparti. Regjeringa Lyng sat berre nokre veker, men før stortingsvalet 1965 gjekk Venstre til val på ei ny borgarleg koalisjonsregjering. Valet gav framgang for Venstre, for fyrste gong på lenge, og førte til danninga av den borgarlege samarbeidsregjeringa Borten.

På 1960-talet utvikla det seg etter kvart store spenningar mellom det ein kan kalla radikale og moderate fløyer i partiet. Dei radikale, som mellom anna var knytte til avisa Dagbladet og dominerte i Unge Venstre, var skeptiske til samarbeid med Høgre. Unge Venstre vedtok mot slutten av 1960-talet årvisse resolusjonar der dei oppmoda til å gå ut av Borten-regjeringa. Dei radikale var dessutan motstandarar av norsk medlemskap i EEC. Ny leiar fekk partiet i 1952 med Bent Røiseland som høyrde til den moderate delen av partiet (som seinare stod sterkt bak deltakinga i Borten-regjeringa, òg til dels var sterke tilhengjarar av norsk EEC-medlemskap).

I 1964 tok Gunnar Garbo over som leiar.

Borten-regjeringa tok til i oktober 1965, og Venstre, Senterpartiet, Høgre og Kristeleg Folkeparti var med frå starten.

Partileiaren gjekk av i 1970 etter eit dårleg valresultat ved stortingsvalet 1969. Ny leiar vart EEC-tilhengjaren Helge Seip. Då EEC/EF-striden tok av for fullt tidleg på 1970-talet engasjerte framveksande Venstre-politikarar seg sterkt på båe sider.

I "juni 1970 vedtok Stortinget med 132 mot 17 stemmer på nytt å søke medlemskap i EF. Forhandlingene med EF førte til at det oppstod splittelse innad i regjeringen Borten, som gikk av 1971", skriver Store Norske Leksikon.[6]

Den 25. september 1972 var det ei rådgivande folkeavstemming om norsk medlemskap i EU, som da heitte EF. (Nei-sida vann med 53,5% av røystene.)

Etter folkerøystinga om medlemskap i EF (nåværande EU)[endre | endre wikiteksten]

I oktober 1972 gjekk Bratteli-regjeringa av etter folkeavrøystinga,[7] og det vart det danna ei rein nei til EF-regjering under Lars Korvald. Landsstyret i Venstre vedtok å gå med i Korvald-regjeringa, sjølv om fleirtalet (9 av 13) i stortingsgruppa var EF-tilhengjarar og gjekk imot deltaking i regjeringa. Resultatet vart det ekstraordinære landsmøtet på Røros. Etter at det vart klart at dei var i mindretal i Venstre drog ja-folka frå landsmøtesalen, leidde av Helge Seip og Bent Røiseland, den 11. november 1972. Dei danna seinare Det Nye Folkepartiet.

I det påfylgjande stortingsvalet 1973 vart stortingsgruppa redusert til to representantar. Året etter, i 1974, vart Venstre det fyrste partiet i Noreg som fekk ein kvinneleg partileiar, Eva Kolstad.

Etter at den moderate fløya hadde gått ut av partiet freista Venstre å markera seg klarare som eit sentrumsparti, som ikkje automatisk høyrde til korkje venstre- eller høgresida i politikken. Partiet styrkte òg ein grøn profil, miljøsaka vart den viktigaste einskildsaka. Ved stortingsvala i 1973, 1977 og 1981 gjekk Venstre til val utan å binda seg til eit særskilt regjeringsalternativ på førehand. Før stortingsvalet 1985 vedtok partiet for fyrste gong å gå til val på eit regjeringssamarbeid med Arbeidarpartiet. Ved dette valet ramla Venstre for fyrste gong heilt ut av Stortinget, og partileiaren, Odd Einar Dørum gjekk av.

I 1988 vart partiet slege saman igjen med dei gamle utbrytarane i Det Liberale Folkepartiet; "På en samlingskongress [i] 1988 ble Det Liberale Folkepartiet gjenopptatt i Venstre. En utbrytergruppe dannet likevel et nytt parti, som i 1992 tok navnet Det Liberale Folkepartiet", skriver Store Norske Leksikon.[8]

Før stortingsvalet 1989 plasserte Venstre seg på nytt i den borgarlege leiren, og gjekk til val på eit sentrum-høgre samarbeid. Venstre makta ikkje å koma tilbake på Stortinget før i 1993. Då vart Lars Sponheim vald inn på Stortinget frå Hordaland. Ved EU-striden før folkeavrøystinga i 1994 gjekk Venstre mot EU-medlemskap, men for EØS-avtalen.

Etter folkerøystinga om medlemskap i EU[endre | endre wikiteksten]

I 1996 vart Sponheim vald til ny leiar, og året etter gjekk Venstre til val med målsetjing om å delta i ei sentrumsregjering, saman med Kristeleg Folkeparti og Senterpartiet. Ved stortingsvalet 1997 kom Venstre over sperregrensa med 4,5 % av røystene, og vart med i sentrumsregjeringa, som sat til 2000.

Ved stortingsvalet 2001 var målsetjinga under valkampen å gjenreisa sentrumsregjeringa, men alle tre sentrumspartia fekk tilbakegang ved valet. Etter valet gjekk Venstre og KrF inn i "samarbeid med Høyre" og danna den andre Bondevikregjeringa, "mens Senterpartiet valgte å gå i opposisjon".[9] Partiet fekk berre to stortingsrepresentantar men fekk tre statsrådar i regjeringa.

Under valkampen i 2005 framheva Venstre partiet si nøkkelrolle for at Bondevikregjeringa skulle bli sitjande. Ved stortingsvalet 2005 fekk Venstre 5,9 % av røystene og ti representantar på Stortinget. Valresultatet var det beste for partiet sidan 1969. Regjeringa fall likevel, og Venstre gjekk i opposisjon.

Ved Stortingsvalet 2009 fekk partiet 3,9% av røystene, fall under sperregrensa, og måtte nøya seg med berre to mandat på tinget til 2013, eitt frå Oslo og eitt frå Akershus.

Trine Skei Grande vart ny leiar for partiet i 2010. I 2018 gjekk Venstre inn i regjeringa Solberg, der Framstegspartiet var med. Stortingsgruppe til partiet tok avgjerda, etter at landsstyremøtet stemte 24 for og 11 i mot deltaking i regjeringa.[10][11]

Under regjeringsforhandlingane i januar på Jeløya var det ei sak som media vart oppteken av,[12] som Venstre-leinga etterkvart feilhandtera; 15. april ga statsministeren sin konklusjon om saka til media.

Media[endre | endre wikiteksten]

Bladet Vesterålen var Venstre-avis[13] i fleire månader i 1949. Fram til 1970-talet var Dagbladet, Bergens Tidende og fleire andre aviser nært knytte til Venstre.

Venstre dreiv ein tid nettstaden liberal.no, som i 2018 ikkje lenger var i drift.

Statsministrar frå Venstre[endre | endre wikiteksten]

Koalisjonsregjeringar som Venstre har tatt del i[endre | endre wikiteksten]

Oppslutning[endre | endre wikiteksten]

Oppslutninga om Venstre i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2009

Venstre har tradisjonelt stått sterkast på Vestlandet, men dette ser ut til å vera i ferd med å endra seg. Ved dei siste seks stortingsvala før 2005 var Rogaland, Hordaland, Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal dei beste fylka for partiet. Ved stortingsvalet i 2005 vart for første gong Oslo det beste fylket til Venstre, med Akershus på andreplass, og dette gjentok seg òg i 2009. Dei to einaste stortingsrepresentantane til Venstre vart då valde inn frå Oslo og Akershus.

Oppslutning ved stortingsval 1906–2009[endre | endre wikiteksten]

Årstal Prosent av røystene Tal stortingsrepresentantar
1906 45,4% 73
1909 30,7% 46
1912 40,2% 76
1915 33,3% 74
1918 28,3% 52
1921 20,1% 37
1924 18,7% 34
1927 17,3% 30
1930 20,2% 33
1933 17,1%¹ 24
1936 16,0% 23
1945 13,8% 20
1949 13,5%² 21
1953 10,0% 15
1957 9,6%² 15
1961 8,9%² 14
1965 10,3%² 18
1969 9,4% 13
1973 3,5%² 2
1977 3,2%² 2
1981 3,9%² 2
1985 3,1% 0
1989 3,2% 0
1993 3,6% 1
1997 4,5% 6
2001 3,9% 2
2005 5,9% 10
2009 3,9% 2
2013 5,2% 9
2017 % 8[14]

¹ Omfattar fellesliste med Radikale Folkeparti i Hedmark.
² Venstre tok del i felleslister med eit eller fleire av partia Bondepartiet/Senterpartiet, Det Nye Folkepartiet, Høgre eller Kristeleg Folkeparti, dette talet er eit anslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.

Oppslutning ved fylkestingsval 1928–2007[endre | endre wikiteksten]

Årstal Prosent av røystene
1928 10,0%
1931 11,6%
1934 11,6%
1937 11,1%
1945 8,0%
1947 9,4%
1951 9,4%
1955 8,5%
1959 8,9%
1963 8,4%
1967 9,8%
1971 8,5%
1975 3,8%
1979 5,3%
1983 4,4%
1987 3,3%
1991 3,5%
1995 4,7%
1999 4,2%
2003 3,7%
2007 5,6%
2011 5,7%
2015 %

Partileiarar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. https://www.partifinansiering.no/nb/arlige-bidrag.
  2. «Nesten 200 personer meldte seg ut av Rødt – mange oppga politisk uenighet som hovedårsak» (på bokmål). Henta 24. mai 2023. 
  3. https://o.nsd.no/european_election_database/country/norway/parties.html; vitjingsdato: 17. mai 2021.
  4. «Venstre» i Store norske leksikon, snl.no. Henta 16. april 2018.
  5. «Folkevalgte i Venstre». Venstre. Henta 29. april 2018. 
  6. https://snl.no/EU-kampen
  7. https://snl.no/Trygve_Bratteli
  8. https://snl.no/Det_Liberale_Folkepartiet
  9. https://snl.no/sentrumspartier Vitja 2018-04-18
  10. Én av tre stemte mot Venstre-ja til regjering - NRK
  11. Ikke alle Venstre-politikere i «Frp-sorg» melder seg ut ennå - Aftenposten
  12. Trine Eilertsen. 2018-04-14. Aftenposten. S. 2. "Under regjeringsforhandlingene på Jeløy var det åpenbart for alle som var der at sakene knyttet til ... ikke kom til å forsvinne. Medievirkeligheten som foregår rundt og ved siden av tradisjonelle medier er blitt en realitet som ikke kan ignoreres, men som kunne bli nødvendig å håndtere og kommentere."
  13. https://www.allkunne.no/framside/massemedium/aviser/norske-aviser-og-tidsskrift/474/0/ Vitja 2018-04-18
  14. «Venstre (V)». stortinget.no. Henta 18. april 2018. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]

  • Ottar Grepstad og Jostein Nerbøvik (red.) – Venstres Hundre År (Gyldendal, 1984)