Venus Express

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Illustrasjon av Venus Express i bane kring Venus

Venus Express var ein ESA-romsonde som gjekk i bane kring Venus. Ferda vart rekna som avslutta i desember 2014 etter at ein miste normal kontakt med sonden 28. november same året.[1]

Venus Express vart skoten opp 9. november 2005 frå Bajkonur-kosmodromen i Kasakhstan, og gjekk inn i bane kring Venus 11. april 2006. Venus Express var basert på teknologien til Mars Express og Rosetta-sonden.[2][3] Ei av oppdagingane til Venus Express var mogelege spor etter nyleg vulkansk aktivitet på Venus.[1]

I den siste delen av ferda vart banen til Venus Express lægja slik at friksjon frå venusatmosfæren gradvis gjorde banen til sonden endå lægre. Etter kvart gjekk Venus Express som venta tom for drivstoff og kunne ikkje lenger orientera seg mot jorda for å kommunisera. Sonden kunne heller ikkje lenger hevja banen sin og ville gå tapt i venusatmosfæren.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]