Årevengjer

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Veps)
Årevengjer
Tyskkvefs (Vespula germanica), ein stikkekvefs
Tyskkvefs (Vespula germanica), ein stikkekvefs
Systematikk
Rekkje: Leddyr Arthropoda
Underrekkje: Hexapoda
Klasse: Insekt Insecta
Underklasse: Pterogyta
Infraklasse: Neoptera
Orden: Årevengjer Hymenoptera
Linné, 1758
Underordenar
Plantekvefsar Symphyta
Stilkkvefsar Apocrita

Årevenger, kvefsar eller vepsar (Hymenoptera) er ein stor orden insekt med membranøse venger ein lett kan sjå blodårene i. Gruppa omfattar mellom anna bier, stikkekvefsar, humler og maur og er truleg den tredje største gruppa insekt i verda.

Det er beskrive over 125 000 ulike artar årevenger, men truleg er det totale artstalet langt høgare. Det gjeld òg dei 1292 artane som er registrerte i Noreg.

Kjenneteikn[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste årevenger har to par gjennomsiktige venger, kor dei bakerste er små og fest til dei første med krokar. Antennene er velutvikla og finst i fleire variantar.

Munndelane er som oftast forlenga, og som regel modifiserte til å ta opp nektar frå blomar. Likevel har dei som regel funksjonelle mandiblar, det vil seie tyggjekjever. Hjå bier har labium (underleppa) fått vekse ut eit par para flikstrukturar som kallast glossae og paraglossae.

Det siste segmentet på mellomkroppen er redusert og samanvakse med første bakkroppssegment. Hoer har nesten alltid ein ovipositor, eit eggleggingsorgan som hjå mange artar er omdanna til ein stikke- eller sagebrodd.

Kjønn[endre | endre wikiteksten]

Eit særtrekk ein finn i årevengene (og i somme barkebillar) er den haplo-diploide måten å fastsetja kjønn på. Individ som er diploide (har kromosoma sine arrangert i par) veks opp til hoer, medan haploide individ (med halvparten så mange kromosom) veks opp til hannar. Dette tyder i praksis at befrukta egg alltid vert hoer, medan ubefrukta egg som klekkast likevel vert til hannar.

Dette systemet har ført til at hoer av årevenger faktisk deler meir genmateriale med systrene sine enn dei gjer med sitt eige avkom, i alle fall målt i prosent. Ifølgje Bill Hamiltons slektskapsseleksjonsteori er dette årsaka til at så mange av dei er eusosiale.

Levesett[endre | endre wikiteksten]

Maur lever i samfunn.

Årevenger er aktive insekt med fullstendig forvandling. Larvane manglar bein og er ofte kvite og blaute. Dei er ofte parasittiske eller parasittoide, viss dei ikkje bur i eit bol og får mat hjå søskena sine (som hjå maur og bier).

Det verkar som årevenger har ein evolusjonær tendens til å danna eusosiale samfunn, det vil seie koloniar med fleire ulike kastar av morfologisk ulike individ som er spesialtilpassa ulike oppgåver. Som regel er det ei sentral dronning i ein koloni som produserer mengder av døtrer til å henta mat, fora larvar og forsvara bolet. Frå tid til annan vert det produsert nye dronningar og hannar, som svermar før hannane døyr og dronningane grunnlegg nye koloniar. Årevengehoer kan lagra sæd i kroppen sin og bruka han til å befrukta egga sine med heile resten av livet.

Evolusjon og systematikk[endre | endre wikiteksten]

Dei eldste fossile årevengene er frå triastida for 207-220 millionar år sidan og var plantekvefsar som høyrde til familien Xyelidae. Dei første fossilane frå sosiale årevengegrupper dukka opp i krittida.

Som regel har ein delt årevengene opp i to underordenar, Symphyta (plantekvefsar) og Apocrita (andre kvefsar, bier, humler og maur). Grunnlaget for dette er den såkalla kvefsetalja, innsnøringa dyra har mellom mellom- og bakkroppen, som er unik for Apocrita.

Med fylogenetisk systematikk har ein derimot gått litt vekk frå dette systemet. Ein reknar nemleg med at Apocrita oppstod frå Symphyta-familien Orussidae, noko som fører til at Symphyta vert parafyletisk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]