Vera Krepkina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vera Krepkina

Statsborgarskap Sovjetunionen, Russland
Fødd 16. april 1933
Kotelnitsj
Død

25. april 2023 (90 år)
Kyiv

Yrke sprintar, friidrettsutøvar, lengdehoppar
Språk russisk
Høgd 1,59 meter
Politisk parti Sovjetunionens kommunistiske parti
Vera Krepkina på Commons

Vera Samojlovna Krepkina [a] (fødd Kalasjnikova16. april 1933) er ein russisk tidlegare friidrettsutøvar frå Kotelnitsj i Russland, som tevla internasjonalt i lengdehopp og sprint for Sovjetunionen. Ho vart olympisk meister i lengdehopp i 1960 og vann to EM-gull 4 x 100 meter stafett; 1954 og 1958.

Aktiv[endre | endre wikiteksten]

Vera Kalasjnikova debuterte internasjonalt under dei olympiske leikane 1952 i Helsingfors. Ho vart slått ut i semifinalane på 100 meter, før ho og lagvenninnene vart nummer fire i 4 x 100 meter stafett med tida 46,3 sekundar.

Ved europameisterskapen i Bern i 1954 tok Krepkina, Rimma Ultikina, Marija Itkina og Irina Turova europameistrar på tida 45,8. Til liks med 1952-olympiaden vart Krekina under sommarleikane 1956 i Melbourne slått ut på 100 m i semfinalane. Sameleis vart Sovjetunionen og Krekpina nummer fire på stafetten på 45,6 sekundar.

Krepkina kom i mål på same tid som britiske Heather Young i finaleløpet på 100 m i EM i friidrett 1958 i Stockholm. Begge vart klokka inn på 11,7 sekundar, Young fekk gullmedaljen, Krepkina sølvet. Avslutningsdagen i Stockholm sprang Krepkina startetappen for Sovjetunionen sitt sigrande lag. Saman med Linda Kepp, Nina Poljakova og Valentina Maslovskaja vann ho sitt andre stafettgull på tida 45,3, ny europarekord.

Også under OL 1960 i Roma rauk Krepkina ut i semifinalane på 100 meter, og ho vart for tredje gong nummer fire i stafettløpet med Sovjetunionen. Mellom desse to øvingane nådde ho høgda i sine år som aktiv. Kort før leikane hadde Hildrun Claus frå Aust-Tyskland med eit hopp på 6,40 m, avløyst olympiameisteren Elżbieta Krzesińska frå Polen som verdsrekordhaldar. Claus stoppa i Roma på 6,21 m og vart nummer tre, bakom Krzesińska på 6,27 m. Krepkina smelte til med 6,37 i fjerde omgang, og sikra seg gullmedaljen.

Krepkina var sovjetmeister på 100 m i 1952, 1957 og 1958. Ho vann sovjetmeisterskapen på 200 m i 1952, men tok aldri nasjonal medalje i lengdehopp.

Merknadar[endre | endre wikiteksten]

  1. Russisk skrift Вера Самойловна Крепкина

Kjelder[endre | endre wikiteksten]