Vera Lysklætt

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Vera Lysklætt
Vera Lysklætt.jpg
Fødd29. januar 1954
NasjonalitetNoreg
PartiVenstre
Yrkepolitikar

Vera Lysklætt (fødd 29. januar 1954 i Jøssund) er ein norsk politikar for Venstre. Ved stortingsvalet 2005 vart ho stortingsrepresentant for Finnmark.

Lysklætt er utdanna landskapsarkitekt frå Norges Landbrukshøgskule i 1980. Sidan 1981 har ho budd i Karasjok der ho har jobba mellom anna som planleggjar og lærar. I 1996 vart ho leiar for Finnmark Venstre. I 1999 vart ho vald inn i Karasjok kommunestyre. I 2005 vart ho vald inn på Stortinget på utjamningsmandatet frå Finnmark. Venstre fekk berre 826 røyster i Finnmark, men Lysklætt vart vald inn som resultat av den nye valordninga, som seier at det skal koma eit utjamningsmandat frå kvart fylke.