Vercelli

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Vercelli
Piazza Cavour og Torre dell’Angelo
Piazza Cavour og Torre dell’Angelo
Piazza Cavour og Torre dell’Angelo
Plassering
Vercelli is located in Italia
Styresmakter
Land
Region
Provins
Italia Italia
Piemonte
Vercelli
Borgarmeister Andrea Corsaro
Geografi
Flatevidd
 - By

79 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2015)
   - folketettleik

46 633
  585/km²
Koordinatar 45°19′″N 8°25′″EKoordinatar: 45°19′″N 8°25′″E
Høgd over havet 130 m
Diverse annan informasjon
Postnummer 13100
Telefon-retningsnummer 0161
Nettstad: www.comune.vercelli.it

Vercelli (Varséjpiemontesisk) er ein by i Italia. Han er hovudstad i provinsen Vercelli i regionen Piemonte og har om lag 46 633 innbyggjarar. Han er ein av dei eldste byane i Nord-Italia og vart i følgje dei fleste historikarar grunnlagd i år 600 fvt.

Byen ligg på Posletta mellom Milano og Torino. Han er eit viktig senter for risdyrking og er omringa av rismarker som er overfløymde om sommaren.

Det første universitetet i verda som vart drive av offentlege midlar vart grunnlagd i byen i 1228. I dag har Vercelli eit universitet for litteratur og filosofi som er ein del av Università del Piemonte Orientale Arkivert 2008-04-11 ved Wayback Machine. og avdeling av Politecnico di Torino.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Vercellae (Vercelum) vart grunnlagd av den liguriske stamma Libici eller Lebecili og vart ein viktig kommune. Gaius Marius slo Cimbri og germanarane i slaget ved Vercellae, som fann stad i nærleiken i 101 fvt.

500 år seinare slakta Flavius Stilicho ned ei gruppe gotarar her. Han vart nesten jamna ruinar på Hieronymus si tid. Etter langobarane invaderte området vart han ein del av hertugdømet Ivrea. Frå 885 kom han inn under ein fyrstbiskop.

Vercelli vart ein sjølvstendig kommune i 1120 og vart medlem av det første og andre lombardiske forbundet. I 1228 vart Universitetet i Pavia flytta til Vercelli, der det vart verande fram til 1300-talet, men utan at det utprega seg særleg.

På 1200-talet kom han inn under Della Torre-familien frå Milano (1263), markien av Monferrato (1277), som peikte ut Matteo I Visconti til kaptein (1290-1299). Tizzoni (ghibellinarar) og Avogadri (guelfarar) kjempa om byen frå 1301 til 1334, og sistnemnde vart kasta ut fleire gonger, slika t markien av Monferrato kunne ta Vercelli i 1328. Byen lét då Visconti-familien i Milano ta over styringa i 1334. I 1373 kasta biskop Giovanni Fieschi ut Visconti, men Matteo gjenerobra byen. Facino Cane (1402) utnytta stiriden mellom Giovanni Maria og Filippo Maria Visconti og tok Vercelli, men vart driven ut igjen av Theodore II av Montferrat (1404). Frå han gjekk byen vidare til hertugane av Savoie (1427).

I 1499 og 1553 vart byen erobra av franskmennene, og i 1616 og 1678 av spanjolane. I 1704 klarte han å stå imot ei omfattande omleiring av franskmennene, som ikkje klarte å innta festninga. Etter dette deler byen historia til Savoie.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]