Verdalsraset

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Tre og hus flyt i leire etter raset.
Foto: Erik Olsen

Verdalsraset var ei skredulukke i Verdal natt til 19. mai 1893. Ho drap 116 menneske, råka over hundre gardar og drap tusenvis av dyr, og er dermed ei av dei verste skredulukkene i Noreg i moderne tid. 55 millionar kubikkmeter masse rann ut og dekte mykje av Verdalen. 3 kvadratkilometer av Verdal forsvann i leirmassane.

Der var 250 menneske i rasområdet då raset gjekk. Etter ein nedbørsrik vinter hadde Verdalselva vore flaumstor fleire gonger den våren. Natt til 19. mai 1893 i halv eitt-tida byrja raset ved Hagamarka, om lag to kilometer aust for Stiklestad. Kvikkleira vart til flytande væske og raset tok med seg garden på Melbyneset der fem menneske omkom, og garden på Haganeset der fire born omkom medan kona berga seg. Dette raset demde opp elva til 8-10 meters høgd. Det tok ikkje mange minutta før demninga brast og grov opp eit stort stykke land som igjen sperra elva. Få minutt etter gjekk det største raset. Truleg hadde det ein fart på 60 km/h. Det tok med seg over åtti gardar, og rann ut over de nedre delane av Verdalen mot Verdalsøra.

Kart over rasområdet

Ikkje lenge etter nådde nyheita om at Verdalen var øydelagd Levanger, og då vart det med eitt stor verksemd i den vesle byen sjølv om det framleis var grytidleg om morgonen. Sjølv om det var få med telefon vart det klårt at ulukka var av enormt omfang og hjelp vart send frå heile Innherad. Kavaleristane frå Rinnleiret skildra at det var full panikk på Verdalsøra. Elva var borte og dei frykta nye ras. Då dei kom fram til prestegarden med Stiklestad fekk dei sjå eit enormt blåsvart krater, fleire kilometer i diameter og med 40-50 meter høge rasmelar. I sjølve krateret fanst det ikkje spor av ein einaste bygning, sjølv om det hadde lege mange gardar der. Men lengre nede mot Verdalsøra låg ruinane av eit titals hus, gardar og bygningar, og i mellom lika av folk.

Dødstalet steig, og det vart klårt at 112 menneske var drepne i sjølve raset, medan dei siste fire døydde av skadane dei fekk. Mellom dei omkomne var ordføraren i Verdalen og kona hans.

Kvikkleiredanning[endre | endre wikiteksten]

Kvikkleire finst nedanfor den marine grensa, det vil seie i område som har vore tidlegare havbotn. Då isen smelta etter siste istida førte smeltevasselvane store mengder grus, sand og leire ut i havet. Leirpartiklane som var minst og lettast, samla seg lengst vekk frå elvemunningane. Leirpartiklar som vert avsett slik i saltvatn, inngår ei kjemisk binding med saltet, noko som gjer leira fast og stabil. Etter istida då isen var borte og ikkje lengre pressa landet ned, fekk det ei landheving, og store havbotnsområde vart turt land. Den stabile saltvassleira vart då utsett for gjennomstrøyming av regnvatn og elvevatn slik at saltet i leira vart vaska vekk. Saltvassleira vart til kvikkleire med ein helt annan konsistens. Slik leire vert heilt flytande når ho vert sett i rørsle av til dømes ei elv som grev i landskapet. Akkurat dette var det som låg til grunn for det store Verdalsraset.

Kvikkleire som har rasa ut, vert fast og kan ikkje lage nye ras.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Litteratur