Verdsarvstadene i Ukraina

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Verdsarv i Ukraina)

Verdsarvstadene i Ukraina omfattar sju stader rekna som verdsarv innanfor grensene til Ukraina.[1]

Dei sameinte nasjonane sin organisasjon for utdanning, vitskap og kultur, UNESCO, peikar ut verdsarvstader med særmerkt universell verdi for kultur- eller naturarv som er nominert av land som har underteikna UNESCO verdsarvkonvensjon, etablert i 1972.[2] Kulturarven består av monument, slik som arkitektoniske verk, monumentale skulpturar eller inskripsjonar, grupper av bygningar og stader, inkludert arkeologiske stader. Naturarv er definert som naturtrekk, beståande av fysiske og biologiske formasjonar, geologiske og fysiografiske formasjonar, inkludert habitat for trua dyre- og planteartar, og naturområde som er viktige frå eit vitskapleg, bevarings- eller naturleg venleikssynspunkt.[3] Ukraina vart ein uavhengig medlem av UNESCO-konvensjonen den 12. oktober 1988,[1] medan landet framleis var ein unionsrepublikk innanfor Sovjetunionen.


Sju verdsarvstader er oppførte for Ukraina per 2022. Seks av dei er kulturelle stader og ein av dei, Bøkeurskog og gamle bøkeskogar i Karpatane og andre regionar i Europa, er ein naturstad.[1] Den første staden som vart ført opp var St. Sofia-katedralen og relaterte klosterbygg, Petsjerska Lavra, i 1990.

Dei siste stadene som vart lista opp var Trekyrkjer i karpansk region av Polen og Ukraina og den antikke byen Chersonesus i 2013. Tre stader er transnasjonale: Trekyrkjene i Karpatane, Struvemeridianen blir delt med ni land, og Bøkeurskog og gamle bøkeskogar blir delte med 17 land. I tillegg har Ukraina ei liste over 17 andre stader som dei vurderer å nominere til verdsarv.[1]

Verdsarvstadene[endre | endre wikiteksten]

Stad Bilete Skildring
Kyiv: St. Sofia-katedralen og relaterte klosterbygg, Petsjerska Lavra, 1990 Church with green and golden domes Saint-Sophia-katedralen vart bygd på 1000-talet, like etter kristninga av Kievriket (Kiev-Rus)[4]. Mosaikkar og freskar frå den perioden er bevart i interiøret. Klosterbygningar rundt katedralen vart bygd på 1600- og 1700-talet i ukrainsk barokkstil. Petsjerska Lavra, òg kalla 'Grotteklosteret', er ei nemning for fleire kloster som utvikla seg frå det 11. til det 19. hundreåret. Dette er kyrkjer, kloster og grotter der helgenar vart gravlagde og vart eit viktig sentrum for Den austlege ortodokse kyrkja. Kyrkja til frelsaren i Berestove, ved sida av Lavra, vart lagt til verdsarvstaden i 2005.[5]
Lviv – Samlinga i det historiske sentrum, 1998 Old colourful town houses and a fountain with a statue in front Byen Lviv vart grunnlagd i seinmiddelalderen og vernar framleis den mellomalderlege topografien. Byen har vorte forma av samspelet mellom dei ulike samfunna som har levd der gjennom århundre, inkludert ulike kristne grupper, muslimar og jødar. Arkitekturen i byen representerer ei blanding av stilartar frå Aust-Europa med påverknader frå Italia og Tyskland. Fleire bygningar frå renessansen og barokken er bevarte.[6]
Struvemeridianen, 2005 A marker on the top of a mound in the middle of a field Struvemeridianen er ein serie trianguleringspunkt som strekker seg over ein avstand på 2820 kilometer frå Hammerfest i Noreg til Svartehavet. Punkta vart sett opp i ei undersøking av astronomen Friedrich Georg Wilhelm von Struve som først utførte ei nøyaktig måling av eit langt segment av ein meridian, som bidrog til å fastslå storleiken og forma til jorda. Opphavleg var det 265 stasjonspunkt. Verdsarvstaden inkluderer 34 punkt i 10 land (nord til sør: Noreg, Sverige, Finland, Russland, Estland, Latvia, Litauen, Kviterussland, Moldova, Ukraina), kor fire er i Ukraina (markøren i Felshtyn på biletet).[7]
Bøkeurskog og gamle bøkeskogar i Karpatane og andre regionar i Europa, 2007 Hills covered in forest Denne staden omfattar døme på urørte tempererte skogar som viser den postglasiale ekspansjonsprosessen til europeisk bøk frå nokon få isolerte tilfluktsområde i Alpane, Karpatane, Dei dinariske Alpane, Middelhavet og Pyreneane. Området vart opphavleg oppført i 2007 som urbøkeskogar i Karpatane, delt mellom Slovakia og Ukraina, utvida i 2011 til å omfatte dei gamle bøkeskogane i Tyskland, og utvida ytterlegare i 2017 og 2021 til å omfatte skogar i totalt 18 land. I Ukraina er 13 skogreservat oppførte (Synevyr på biletet).[8]
Tsjernivtsi: Residensen til metropolitten av Bukovina og Dalmatia, 2011 A building in red brick Residensen til metropolitten av Bukovina og Dalmatia vart bygd for den austortodokse storbybiskopen på slutten av 1800-talet, då regionen var under styret av Austerrike-Ungarn. Han vart utforma av den tsjekkiske arkitekten Josef Hlávka. Ensemblet er bygt i historistisk stil og kombinerer funksjonar frå bysantinsk, gotisk og barokk arkitektur. Komplekset fungerte som residensen til biskopen fram til andre verdskrigen. I 1955 vart eigedommen overført til Universitetet i Tsjernivtsi.[9]
Den antikke byen Chersonesus ved byen SevastopolKrimhalvøya, 2013 Columns and ruins Byen vart grunnlagd av doriske grekarar på 500-talet fvt. på kysten av Svartehavet. I dei følgjande hundreåra opplevde byen samspelet mellom greske, romerske og bysantinske samfunn i Svartehavsregionen. Han vart til slutt forlaten på 1400-talet. Området rundt byen var viktig på grunn av vinproduksjonen, og restane av gamle vingardar er godt bevarte.[10]
Trekyrkjer i Karpatane i Polen og Ukraina, 2013 Wooden church with three domes Denne eigedommen består av 16 trekyrkjer (tserkvaer) i Karpatane, der åtte ligg i Ukraina. Kyrkjene vart bygde mellom 1500- og 1800-talet av samfunna med austortodokse og gresk-katolske trosretningar. Utformingane er baserte på dei ortodokse kyrkjelege tradisjonane med lokal påverknad. Dei har klokketårn i tre, ikonostas og polykrome interiørdekorasjonar, og dessutan hagar, porthus og kyrkjegardar. Biletet syner Den heilage treeinigekyrkja i Zjovkva.[11]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar
  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 «Ukraine». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 12. mai 2021. Henta 27. mars 2022. 
  2. «The World Heritage Convention». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 27 august 2016. Henta 27. mars 2022. 
  3. «Convention Concerning the Protection of the World Cultural and Natural Heritage». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 1 February 2021. Henta 27. mars 2022. 
  4. Om namna 'Kievriket' / 'Kiev-Rus' sjå artikkel i Store norske leksikon: https://snl.no/Kievriket
  5. «Kyiv: Saint-Sophia Cathedral and Related Monastic Buildings, Kiev-Pechersk Lavra». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 12, mai 2021. Henta 27. mars 2022. 
  6. «L'viv – the Ensemble of the Historic Centre». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 16. mai 2021. Henta 27. mars 2022. 
  7. «Struve Geodetic Arc». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 30. oktober 2005. Henta 27. mars 2022. 
  8. «Ancient and Primeval Beech Forests of the Carpathians and Other Regions of Europe». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 2. mars 2012. Henta 27. mars 2022. 
  9. «Residence of Bukovinian and Dalmatian Metropolitans». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 19. mai 2021. Henta 27. mars 2022. 
  10. «Ancient City of Tauric Chersonese and its Chora». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 16. mai 2021. Henta 27. mars 2022. 
  11. «Wooden Tserkvas of Carpathian Region in Poland and Ukraine». UNESCO World Heritage Centre. Arkivert frå originalen 27. oktober 2020. Henta 27. mars 2022. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Verdsarvstadene i Ukraina