Verdscupen i langrenn 1974

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i langrenn i 1974-sesongen, den aller fyrste i langrennsøvinga, omfatta 10 individuelle tevlingar og 2 stafettar, alle for menn. Tevlingane tok til 9. januar 1974 og vart avslutta 9. mars. Turneringa bestod av fem tevlingar over 15 kilometer, to over 30 km og tre 50-kilometerar. Renna fann stad i Kastelruth i Italia, Le Brassus (2) i Sveits, Reit im Winkl (2) i Vest-Tyskland, Falun (3) i Sverige, Lahti (2) i Finland og Oslo (2) i Noreg.

Ivar Formo frå Noreg vann verdscupen, utan å vinne eitt einaste renn. Finske Juha Mieto, som kom på andreplassen, vann to renn. Det same gjorde norske Magne Myrmo. Gert-Dietmar Klause og Gerhard Grimmer, begge Aust-Tyskland, Alfred Kälin frå Sveits, Thomas Magnusson frå Sverige, Vasilij P. Rotsjev frå Sovjetunionen og Juhani Repo frå Finland sigra i kvar sitt renn.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Ivar Formo  Noreg 113
2 Juha Mieto  Finland 110
3 Edi Hauser  Sveits 94
4 Stanislav Henych  Tsjekkoslovakia 89
5 Magne Myrmo  Noreg 86
6 Gerhard Grimmer  Aust-Tyskland 85
7 Oddvar Brå  Noreg 75
8 Thomas Magnusson  Sverige 72
9 Lars-Göran Åslund  Sverige 69
10 Pål Tyldum  Noreg 63
11 Vasilij P. Rotsjev  Sovjetunionen 61
12 Gert-Dietmar Klause  Aust-Tyskland 60
13 Sven-Åke Lundbäck  Sverige 57
14 Alfred Kälin  Sveits 54
15 Dieter Meinel  Aust-Tyskland
Georg Zipfel  Vest-Tyskland 46
17 Ivan Garanin  Sovjetunionen 37
18 Jan Staszel  Polen 35
19 Jíři Beran  Tsjekkoslovakia 34
20 Odd Martinsen  Noreg 33

Verdscupen vart organisert av Det internasjonale skiforbundet (FIS), men hadde likevel uoffisiell status. Poeng vart tildelt dei 20 beste løparane i dei individuelle tevlingane, etter ein skala frå 26 poeng for siger, vidare 22 og 19 poeng for andre- og tredjeplass. Poengskalaen heldt fram med 17, 16, 15, 14, 13, 12, 11, 10, 9, 8, 7, 6, 5, 4, 3, 2, og 1. I samandraget fekk utøvarane med seg poenga frå deira seks beste plasseringar.

Ingen verdscup i langrenn for kvinner før 1979-sesongen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]