Verdscupen i langrenn 1975

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdscupen i langrenn i 1975-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 3 stafettar, alle for menn. Tevlingane tok til 8. januar og vart avslutta 8. mars 1975. Turneringa bestod av sju tevlingar over 15 kilometer, tre over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Kastelruth i Italia, Le Brassus (2) i Sveits, Kavgolovo i Sovjetunionen, Reit im Winkl (2) i Vest-Tyskland, Ramsau og Seefeld i Austerrike, Falun (3) i Sverige, Lahti (2) i Finland og Oslo (2) i Noreg.

Oddvar Brå frå Noreg vann verdscupen, etter å ha gått til topps i fire av tevlingane. Landsmannen Odd Martinsen vann tre tevlingar og kom på andreplass i turneringa. Finske Juha Mieto som kom på tredjeplass, vann eitt renn. Det same gjorde Gerhard Grimmer frå Aust-Tyskland, svenskane Thomas Magnusson og Sven-Åke Lundbäck, samt Vasilij P. Rotsjev frå Sovjetunionen.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Oddvar Brå Flag of Norway.svg Noreg 143
2 Odd Martinsen Flag of Norway.svg Noreg 132
3 Juha Mieto Flag of Finland.svg Finland 107
4 Ivar Formo Flag of Norway.svg Noreg 105
5 Magne Myrmo Flag of Norway.svg Noreg 101
6 Vasilij P. Rotsjev Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 84
7 Juhani Repo Flag of Finland.svg Finland 84
8 Jevgenij Beljajev Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 82
9 Sven-Åke Lundbäck Flag of Sweden.svg Sverige 81
10 Gerhard Grimmer Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 79
11 Benny Södergren Flag of Sweden.svg Sverige 64
12 Thomas Magnusson Flag of Sweden.svg Sverige 64
13 Alfred Kälin Flag of Switzerland.svg Sveits 63
14 Jean-Paul Pierrat Flag of France.svg Frankrike 57
15 Arto Koivisto Flag of Finland.svg Finland 57
16 Roberto Primus Flag of Italy.svg Italia 56
17 Anatolij Smigun Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 54
18 Sergej Saveljev Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 54
19 Albert Giger Flag of Switzerland.svg Sveits 42
20 Gert-Dietmar Klause Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 41
21 Gerd Hessler Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 40
22 Edi Hauser Flag of Switzerland.svg Sveits
Pertti Teurajärvi Flag of Finland.svg Finland 39
24 Einar Sagstuen Flag of Norway.svg Noreg 38
25 František Šimon Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 35

Kjelder[endre | endre wikiteksten]