Verdscupen i langrenn 1979/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i langrenn for menn i 1979-sesongen omfatta 9 individuelle tevlingar og 4 stafettar. Tevlingane tok til 21. desember 1978 i og vart avslutta 10. mars 1979. Dei ni individuelle renna bestod av fire tevlingar over 15 kilometer, tre over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Telemark (2) i Wisconsin i USA, Kavgolovo i Sovjetunionen, Kastelruth i Italia, Reit im Winkl (2) i Vest-Tyskland, Le Brassus (2) i Sveits, Zakopane i Polen, Falun (2) i Sverige, Lahti i Finland og Oslo i Noreg.

Oddvar Brå frå Noreg vann tre individuelle tevlingar og fekk FIS-trofeet. Landsmannen Ove Aunli sigra i to tevlingar, medan Jevgenij Beljajev frå Sovjetunionen, Giulio Capitanio frå Italia, Sven-Åke Lundbäck frå Sverige og norske Lars Erik Eriksen vann kvar sitt verdscuprenn.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Oddvar Brå  Noreg 117
2 Lars Erik Eriksen  Noreg 98
3 Sven-Åke Lundbäck  Sverige 85
4 Giulio Capitanio  Italia 74
5 Ove Aunli  Noreg 68
6 Thomas Wassberg  Sverige 68
7 Maurilio De Zolt  Italia 68
8 Per Knut Aaland  Noreg 63
9 Ivan Lebanov  Bulgaria 61
10 Anders Bakken  Noreg 59
11 Rozalin Bakijev  Sovjetunionen 56
12 Jevgenij Beljajev  Sovjetunionen 53
13 Tore Gullen  Noreg 50
14 Jean-Paul Pierrat  Frankrike 45
15 Anatolij Ivanov  Sovjetunionen 43
16 Nikolaj Zimjatov  Sovjetunionen 42
17 Arto Koivisto  Finland 40
18 Józef Łuszczek  Polen 37
19 Vasilij P. Rotsjev  Sovjetunionen 34
20 Vladimir Lukjanov  Sovjetunionen 34
21 Sergej Saveljev  Sovjetunionen 33
22 Kjell Jacob Sollie  Noreg 31
23 Nikolaj Bazjukov  Sovjetunionen 28
24 Bill Koch  USA 28
25 Erik Gustavsson  Sverige 27
26 Franz Renggli  Sveits 27

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 79-80. Dreyer Bok Stavanger. 1979.