Verdscupen i langrenn 1984/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i langrenn for kvinner i 1984-sesongen omfatta 14 tevlingar, av dei 10 individuelle renn og 4 stafettar. Tevlingane tok til 9. desember 1983 og vart avslutta 25. mars 1984. Dei ti individuelle renna bestod av fire tevlingar over 5 kilometer, like mange over 10 km og to 20-kilometerar. Renna fann stad i Reit im Winkl i Vest-Tyskland, Autrans (2) i Frankrike, Sarajevo (4) i dåverande Jugoslavia, Falun (2) i Sverige, Lahti i Finland, Oslo i Noreg, Štrbské Pleso i dåverande Tsjekkoslovakia og Murmansk (2) i dåverande Sovjetunionen.

Finlands Marja-Liisa Hämäläinen sigra i fire tevlingar og skira seg FIS-pokalen for andre året i rad. Květa Jeriová frå Tsjekkoslovakia vann to tevlingar, medan russiske Raisa Smetanina og dei tre norske langrennarane Berit Aunli, Anette Bøe og Inger Helene Nybråten gjekk inn til siger i eitt renn kvar.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Marja-Liisa Hämäläinen  Finland 134
2 Raisa Smetanina  Sovjetunionen 114
3 Anne Jahren  Noreg 104
4 Květa Jeriová  Tsjekkoslovakia 102
5 Inger Helene Nybråten  Noreg 102
6 Marie Risby  Sverige 95
7 Berit Aunli  Noreg 89
8 Brit Pettersen  Noreg 87
9 Tamara Markanskaja  Sovjetunionen 82
10 Anette Bøe  Noreg 78
11 Blanka Paulů  Tsjekkoslovakia 70
12 Ljubov Zimjatova  Sovjetunionen 65
13 Anna Pasiarova  Tsjekkoslovakia 64
14 Nadesjda Sjamakova  Sovjetunionen 58
15 Evi Kratzer  Sveits 55
Grete Ingeborg Nykkelmo  Noreg 55
17 Pirkko Määttä  Finland 51
18 Ute Noack  Aust-Tyskland 47
19 Marit Myrmæl  Noreg 37
20 Gabriela Svobodová  Tsjekkoslovakia 36
21 Karin Jäger  Vest-Tyskland 27
22 Ljubov Ljadova  Sovjetunionen 23
23 Julija Sjamsjurina  Sovjetunionen 22
24 Ann Rosendahl  Sverige 20
25 Shirley Firth  Canada 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 84-85. Sportsboken As. Stavanger 1984.