Verdscupen i langrenn 1986/Kvinner

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdscupen i langrenn for kvinner i 1986-sesongen omfatta 14 tevlingar, av dei 9 individuelle renn og 5 stafettar. Tevlingane tok til 7. desember 1985 og vart avslutta 15. mars 1986. Dei ni individuelle renna bestod av to tevlingar over 5 kilometer, fire over 10 km, to 20-kilometerar og ei tremil. Renna fann stad i Labrador City i Canada, Bibawik (2) i USA, Le Saisies i Frankrike, Klingenthal i dåverande Aust-Tyskland, Nové Město na Moravě i dåverande Tsjekkoslovakia, Oberstdorf (2) i dåverande Vest-Tyskland, Kavgolovo i dåverande Sovjetunionen, Lahti (2) i Finland, Falun i Sverige og Oslo (2) i Noreg.

Finlands Marjo Matikainen vann FIS-pokalen med minst mogleg margin. Ho enda eitt poeng føre Marianne Dahlmo og tre poeng framom Brit Pettersen, begge frå Noreg. Matikainen og Pettersen vann kvar sine to renn, medan Gaby Nestler og Simone Opitz, begge Aust-Tyskland, førnemnde Dahlmo og Anne Jahren, begge Noreg, samt finske Jaana Savolainen vann ei tevling kvar.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Marjo Matikainen Flag of Finland.svg Finland 107
2 Marianne Dahlmo Flag of Norway.svg Noreg 106
3 Brit Pettersen Flag of Norway.svg Noreg 104
4 Anne Jahren Flag of Norway.svg Noreg 88
5 Simone Opitz Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 60
6 Gaby Nestler Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 54
7 Evi Kratzer Flag of Switzerland.svg Sveits 54
8 Jaana Savolainen Flag of Finland.svg Finland 44
9 Nina Koroljova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 42
10 Pirkko Määttä Flag of Finland.svg Finland 42
11 Giudina Dal Sasso Flag of Italy.svg Italia 37
12 Alžbeta Havrančíková Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 32
13 Carola Anding Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 31
14 Raisa Smetanina Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 30
15 Anfisa Romanova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 27
16 Berit Aunli Flag of Norway.svg Noreg 27
17 Eija Hyytiäinen Flag of Finland.svg Finland 24
18 Karin Lamberg Flag of Sweden.svg Sverige 22
19 Vida Vencienė Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 21
20 Svetlana Nagejkina Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 17
21 Nina Skeime Flag of Norway.svg Noreg 16
22 Marit Wold Flag of Norway.svg Noreg 15
23 Solveig Pettersen Flag of Norway.svg Noreg 13
24 Tamara Tikhonova Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 13
25 Larisa Ptitsyna Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 12
Petra Simonkova Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 12

Kjelder[endre | endre wikiteksten]