Verdscupen i langrenn 1990/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdscupen i langrenn for menn i 1990-sesongen omfatta 11 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 9. desember 1989 og vart avslutta 12. mars 1990. Dei 11 individuelle renna bestod av fire tevlingar over 15 kilometer, fem over 30 km og to 50-kilometerar. Renna fann stad i Salt Lake City (2) i USA, Calgary (2) i Canada, Moskva i Sovjetunionen, Olivone i Sveits, Val di Fiemme (2) i Italia, Reit im Winkl i Vest-Tyskland, Lahti (2) i Finland, Trondheim og Vang (2) i Noreg, Örnsköldsvik (2) i Sverige.

Norske Vegard Ulvang gjekk til topps i verdscupen, utan å vinne eit einaste enkeltrenn. Han vann FIS-pokalen med minst mogleg margin til Gunde Svan frå Sverige, som elles vann tre enkeltren. Det same gjorde tredjemann i turneringa, norske Bjørn Dæhlie. Christer Majbäck frå Sverige, Jochen Behle frå Vest-Tyskland, Vladimir Smirnov og Aleksej Prokurorov, begge Sovjetunionen, og norske Terje Langli, sigra i kvart sitt enkeltrenn.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Vegard Ulvang Flag of Norway.svg Noreg 145
2 Gunde Svan Flag of Sweden.svg Sverige 144
3 Bjørn Dæhlie Flag of Norway.svg Noreg 118
4 Jochen Behle Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 88
5 Christer Majbäck Flag of Sweden.svg Sverige 86
6 Torgny Mogren Flag of Sweden.svg Sverige 78
7 Vladimir Smirnov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 74
8 Terje Langli Flag of Norway.svg Noreg 52
9 Jan Ottosson Flag of Sweden.svg Sverige 48
10 Lars Håland Flag of Sweden.svg Sverige 43
11 Henrik Forsberg Flag of Sweden.svg Sverige 40
12 Harri Kirvesniemi Flag of Finland.svg Finland 36
13 Uwe Bellmann Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 35
14 Aleksej Prokurorov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 30
15 Igor Badamsjin Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 29
16 Torgeir Bjørn Flag of Norway.svg Noreg 27
17 Markus Gandler Flag of Austria.svg Austerrike 26
18 Giorgio Vanzetta Flag of Italy.svg Italia 26
19 Øyvind Skaanes Flag of Norway.svg Noreg 23
20 Gianfranco Polvara Flag of Italy.svg Italia 21
21 Luboš Buchta Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 20
22 Alfred Rungaldier Flag of Italy.svg Italia 19
23 Andrej Kirillov Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 19
24 Jari Räsänen Flag of Finland.svg Finland 19
25 Maurilio De Zolt Flag of Italy.svg Italia 18

Kjelder[endre | endre wikiteksten]