Verdscupen i langrenn 1992/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i langrenn for menn i 1992-sesongen omfatta 12 individuelle tevlingar og 5 stafettar. Tevlingane tok til 7. desember 1991 og vart avslutta 14. mars 1992. Dei 12 individuelle renna bestod av to tevlingar over 10 kilometer og like mange over høvesvis 15 km og 25 km, fire tremiler og to femmiler. Renna fann stad i Silver Star (2) i British Columbia, Thunder Bay i Ontario, begge i Canada. Etter nyår i Kavgolovo (2) i Russland, Cogne (2) i Italia, Albertville (5) i Frankrike, Lahti (2) i Finland, Funäsdalen (2) i Sverige og Vang i Noreg.

Norske Bjørn Dæhlie sikra seg FIS-pokalen, 2 poeng føre landsmannen Vegard Ulvang. Dei to utøvarane dominerte turneringa og vann høvesvis seks og fem enkeltrenn. Svensken Torgny Mogren var den einaste andre langrennaren som stod øvst på pallen etter ei individuell tevling.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Bjørn Dæhlie  Noreg 198
2 Vegard Ulvang  Noreg 196
3 Vladimir Smirnov  Sovjetunionen 93
4 Terje Langli  Noreg 83
5 Torgny Mogren  Sverige 73
6 Mikhail Botvinov  Sovjetunionen 51
7 Harri Kirvesniemi  Finland 48
8 Kristen Skjeldal  Noreg 48
9 Christer Majbäck  Sverige 45
10 Marco Albarello  Italia 42
11 Giorgio Vanzetta  Italia 40
12 Maurilio De Zolt  Italia
Niklas Jonsson  Sverige 39
14 Silvio Fauner  Italia 37
15 Erling Jevne  Noreg 34
16 Alois Stadlober  Austerrike 34
17 Johann Mühlegg  Tyskland 33
18 Luboš Buchta  Tsjekkoslovakia 33
19 Jochen Behle  Tyskland 32
20 Aleksej Prokurorov  Sovjetunionen 26
21 Pål Gunnar Mikkelsplass  Noreg 24
22 Jari Isometsä  Finland 21
23 Sture Sivertsen  Noreg 20
24 Radim Nyč  Tsjekkoslovakia 20
25 Patrick Rémy  Frankrike 19

Kjelder[endre | endre wikiteksten]