Verdscupen i langrenn 1999/Menn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i langrenn for menn i 1999-sesongen omfatta 19 individuelle tevlingar og 6 stafettar. Tevlingane tok til 28. november 1998 og vart avslutta 20. mars 1999. Dei 19 individuelle renna bestod av fire tevlingar over 10 kilometer, fire over 15 km, ei på 25 km, fire tremiler og to femmiler, samt fire sprintrenn. Fem av stafettane var på 4 x 10 km, den siste stafetten gjekk over 18 km der to utøvarar veksla om å gå.

Renna fann stad i Muonio (2), Lahti og Vantaa i Finland, Milano og Toblach (2) i Italia, Davos (2) og Engelberg i Sveits, Kitzbühel, Garmisch-Partenkirchen i Tyskland, Seefeld in Tirol, Ramsau am Dachstein (4) i Austerrike, Otepää i Estland, Nové Město na Moravě (3) i Tsjekkia, Falun (2) i Sverige og Oslo (2) i Noreg.

Bjørn Dæhlie frå Noreg vann FIS-pokalen for sjette og siste gong. Han sigra i fem tevlingar og [Mika Myllylä]] frå Finland i fire. Nordmannen Tor Arne Hetland og Mikhail Botvinov, som representerte Austerrike, vann begge to renn kvar. Svenskane Per Elofsson, Mathias Fredriksson og Anders Bergström toppa kvar sitt renn. Det same gjorde norske Espen Bjervig og Thomas Alsgaard, samt Peter Schlickenrider frå Tyskland.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng
1 Bjørn Dæhlie  Noreg 885
2 Mikhail Botvinov  Austerrike 685
3 Mika Myllylä  Finland 573
4 Mathias Fredriksson  Sverige 484
5 Per Elofsson  Sverige 465
6 Anders Bergström  Sverige 454
7 Espen Bjervig  Noreg 406
8 Jari Isometsä  Finland 370
9 Aleksej Prokurorov  Russland 366
10 Erling Jevne  Noreg 318
11 Alois Stadlober  Austerrike 279
12 Fulvio Valbusa  Italia 273
13 Thomas Alsgaard  Noreg 266
14 Niklas Jonsson  Sverige 259
15 Ivan Bátory  Slovakia
Christian Hoffmann  Austerrike 248
17 Odd-Bjørn Hjelmeset  Noreg 246
18 Fabio Maj  Italia 227
19 Frode Estil  Noreg
Kristen Skjeldal  Noreg 219
21 Vladimir Vilisov  Russland 211
22 Andrus Veerpalu  Estland 189
23 Tor Arne Hetland  Noreg 170
24 Silvio Fauner  Italia 169
25 Giorgio Di Centa  Italia 132

Kjelder[endre | endre wikiteksten]