Verdscupen i skihopping 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Verdscupen i skihopping 1982 omfatta 23 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 20. desember 1981 i Cortina d'Ampezzo i Italia og vart avslutta i storbakken i Planica i dåverande Jugoslavia 28. mars 1982. Dei 23 tevlingane fordelte seg på 9 i normalbakkar, 11 i storbakkar og 3 i skiflyging, alle skiflygingstevlingane fann stad i Bad Mitterndorf i Austerrike.

Fjorårsvinnar Armin Kogler frå Austerrike sikra seg på ny den store FIS-premien, trass i at han vann berre tre av hopprenna. Nordmannen Ole Bremseth vann flest renn, alle hans seks triumfar kom i siste del av sesongen. I tevlinga for landslag sigra Austerrike, sterkt pressa av Noreg.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Armin Kogler Flag of Austria.svg Austerrike 189 3
2 Hubert Neuper Flag of Austria.svg Austerrike 174 3
3 Horst Bulau Flag of Canada (Pantone).svg Canada 150 3
4 Matti Nykänen Flag of Finland.svg Finland 138 3
5 Ole Bremseth Flag of Norway.svg Noreg 136 6
6 Per Bergerud Flag of Norway.svg Noreg 129
7 Massimo Rigoni Flag of Italy.svg Italia 125
8 Roger Ruud Flag of Norway.svg Noreg 112 2
9 Johan Sætre Flag of Norway.svg Noreg 100
10 Andreas Bauer Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 85
11 Manfred Deckert Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 80 2
12 Alfred Groyer Flag of Austria.svg Austerrike 83
13 Olav Hansson Flag of Norway.svg Noreg 74
14 Andreas Felder Flag of Austria.svg Austerrike 71
15 Matthias Buse Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 67
16 Josef Samek Flag of the Czech Republic.svg Tsjekkoslovakia 63
17 Klaus Ostwald Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 55 1
18 Dag Holmen-Jensen Flag of Norway.svg Noreg 55
19 Kari Ylianttila Flag of Finland.svg Finland 54
20 Pentti Kokkonen Flag of Finland.svg Finland 50
21 Jeff Hastings Flag of the United States.svg USA 50
22 Hans Wallner Flag of Austria.svg Austerrike 49
23 Christoph Schwarz Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 46
24 Ernst Vettori Flag of Austria.svg Austerrike 41
25 Masahiro Akimoto Flag of Japan.svg Japan 37

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 82-83. Sportsboken As/Hjemmets bokforlag As. 1982.