Verdscupen i skihopping 1990

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skihopping 1990 omfatta 25 tevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn 3. desember 1989 i Thunder Bay i Canada og vart avslutta i storbakken i Planica den 25. mars 1990. Dei 25 tevlingane fordelte seg på 9 i normalbakkar og 16 i storbakkar. Verdsmeisterskapen i skiflyging 1990 i Vikersundbakken talde med i verdscupen.

Ari-Pekka Nikkola frå Finland vann FIS-premien. Han sigra i fire av dei 25 enkelttevlingane, like mange tevlingar vann František Jež frå Tsjekkoslovakia som enda som fjerdemann i turneringa. Austerrike var suverent best av landslaga, der Noreg ikkje vart betre enn nummer åtte.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Ari-Pekka Nikkola  Finland 288 4
2 Ernst Vettori  Austerrike 239 2
3 Andreas Felder  Austerrike 236 3
4 Dieter Thoma  Vest-Tyskland 206 3
5 František Jež  Tsjekkoslovakia 202 4
6 Jens Weißflog  Aust-Tyskland 200 3
7 Pavel Ploc  Tsjekkoslovakia 186 1
8 Heinz Kuttin  Austerrike 176
9 Werner Haim  Austerrike 137 1
10 Virginio Lunardi  Italia 135
11 Risto Laakkonen  Finland 117 1
12 Primož Ulaga  Jugoslavia 96
13 Miran Tepeš  Jugoslavia 83
14 Jan Boklöv  Sverige 78
15 Josef Heumann  Vest-Tyskland 68
16 Ole Gunnar Fidjestøl  Noreg 63
17 Roberto Cecon  Italia 58 2
18 Andrej Vervejkin  Sovjetunionen 58
19 Matti Nykänen  Finland 55
20 Franz Neuländtner  Austerrike 49 1
21 Franci Petek  Jugoslavia 46 1
22 Pavel Kustov  Sovjetunionen 46
Stephan Zünd  Sveits 46
24 Ladislav Dluhoš  Tsjekkoslovakia 43
25 Noriaki Kasai  Japan 43

Kjelder[endre | endre wikiteksten]