Verdscupen i skihopping 1994
Verdscupen i skihopping 1994 omfatta 19 individuelle tevlingar og 2 lagtevlingar. Turneringa tok til med eit normalbakkerenn i Planica i Slovenia den 11. desember 1993 og vart avslutta i normalbakken i Thunder Bay i Canada 27. mars 1994. Dei 19 individuelle tevlingane fordelte seg på 8 i normalbakkar, 10 i storbakkar og 1 i skiflygingsbakke. Hopprenna under Vinter-OL 1994 på Lillehammer talde ikkje med i verdscupen.
26 år gamle Espen Bredesen frå Oslo vann den store FIS-premien. Andremann totalt, Jens Weißflog frå Tyskland, vann flest enkeltrenn, 7-sju i talet. Dei norske hopparane vann premien for beste landslag, etter jamn kamp med Japan, Austerrike og Tyskland.
Eit nytt poengsystem gav heretter 100 poeng for siger, 80 for andreplass, med meir. Dei 30 beste i kvart renn fekk poeng.
Individuelt
[endre | endre wikiteksten]Plass | Utøvar | Land | Poeng | Sigrar |
---|---|---|---|---|
1 | Espen Bredesen | Noreg | 1203 | 4 |
2 | Jens Weißflog | Tyskland | 1110 | 7 |
3 | Andreas Goldberger | Austerrike | 927 | 2 |
4 | Jaroslav Sakala | Tsjekkia | 751 | 2 |
5 | Roberto Cecon | Italia | 710 | 1 |
6 | Noriaki Kasai | Japan | 562 | 1 |
7 | Takanobu Okabe | Japan | 529 | |
8 | Jinya Nishikata | Japan | 482 | |
9 | Lasse Ottesen | Noreg | 421 | |
10 | Janne Ahonen | Finland | 388 | 1 |
11 | Dieter Thoma | Tyskland | 350 | |
12 | Heinz Kuttin | Austerrike | 340 | |
13 | Gerd Siegmund | Tyskland | 326 | 1 |
14 | Jani Soininen | Finland | 297 | |
15 | Masahiko Harada | Japan | 270 | |
16 | Ari-Pekka Nikkola | Finland | 266 | |
17 | Roar Ljøkelsøy | Noreg | 258 | |
18 | Janne Väätäinen | Finland | 237 | |
19 | Jiří Parma | Tsjekkia | 193 | |
20 | Stefan Horngacher | Austerrike | ||
Zbyněk Krompolc | Tsjekkia | 183 | ||
22 | Didier Mollard | Frankrike | 178 | |
23 | Nicolas Dessum | Frankrike | 166 | |
24 | Ladislav Dluhoš | Tsjekkoslovakia | 165 | |
25 | Christof Duffner | Tyskland | 156 |
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Skisprung-Weltcup 1993/94» frå Wikipedia på tysk, den 29. mars 2024.