Verdscupen i skiskyting 1981

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skiskyting 1981 tok til den 13. januar og vart avslutta 5. april. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar, inkludert VM-renna i Lahti. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert tre stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Jáchymov (2) i Tsjekkoslovakia, Antholz (2) i Italia, Ruhpolding (2) i Vest-Tyskland, Lahti (2) i Finland og Hedanäset i Sverige. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.

Frank Ullrich frå Aust-Tyskland vann to av dei ti renna og sigra framom Sovjetunionens Anatolij Aljabjev. Nordmannen Kjell Søbak vann 10-km i Jáchymov og enda på tredjeplass i samandraget.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Frank Ullrich Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 140 2
2 Anatolij Aljabjev Flag of the Soviet Union.svg Sovjetunionen 130 1
3 Kjell Søbak Flag of Norway.svg Noreg 128 1
4 Eirik Kvalfoss Flag of Norway.svg Noreg 120 2
5 Peter Angerer Flag of Germany.svg Vest-Tyskland 117
6 Mathias Jung Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 114
7 Terje Krokstad Flag of Norway.svg Noreg 103 1
8 Matthias Jacob Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 103
9 Eberhard Rösch Flag of East Germany.svg Aust-Tyskland 98
10 Erkki Antila Flag of Finland.svg Finland 90

Kjelder[endre | endre wikiteksten]