Hopp til innhald

Verdscupen i skiskyting 1982

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skiskyting 1982 tok til den 14. januar og vart avslutta 7. mars. Turneringa omfatta 10 individuelle tevlingar, inkludert VM-renna i Minsk. Utøvarane tevla i fem 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert tre stafettar over 4 x 7,5 km. Renna fann stad i Egg am Etzel (2) i Sveits, Antholz (2) i Italia, Ruhpolding (2) i Vest-Tyskland, Minsk (2) i Sovjetunionen og Lahti (2) i Finland. Dei seks beste poeng-fangstane til deltakarane talde med i samandraget i verdscupen.

Frank Ullrich frå Aust-Tyskland vann fire av dei ti renna og sigra framom landsmannen Matthias Jacob, som gjekk til topps i to renn. Nordmannen Kjell Søbak vann 20-kilometeren i Lahti og enda på tredjeplass i samandraget.

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Frank Ullrich  Aust-Tyskland 146 4
2 Matthias Jacob  Aust-Tyskland 143 2
3 Kjell Søbak  Noreg 137 1
4 Andreas Göthel  Aust-Tyskland 125 1
5 Fritz Fischer  Vest-Tyskland 123
6 Odd Lirhus  Noreg 110
7 Bernd Hellmich  Aust-Tyskland 110
8 Eirik Kvalfoss  Noreg 100 1
9 Vladimir Velitsjkov  Bulgaria 99
10 Svein Engen  Noreg 96 1
11 Matthias Jung  Aust-Tyskland 95
12 Terje Krokstad  Noreg 94
13 Peter Angerer  Vest-Tyskland 89
14 Luigi Weiss  Italia 87
15 Tapio Piipponen  Finland 82
16 Vladimir Tretjakov  Sovjetunionen 65
17 Andrej Vtorusjin  Sovjetunionen 65
18 Adriano Darioli  Italia 64
19 Johann Passler  Italia 61
20 Heikki Ikola  Finland 57
21 Christian Poirot  Frankrike 54
22 Sergej Bulygin  Sovjetunionen 50
23 Andreas Schweiger  Vest-Tyskland 50
24 Jurij Mitev  Bulgaria 48
25 Aleksandr Akulevitsj  Sovjetunionen 46

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Sportsboken 82-83. Sportsboken As/Hjemmets bokforlag As. 1982.