Verdscupen i skiskyting 1992

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skiskyting 1992 tok til 19. desember 1991 og vart avslutta 22. mars 1992. Turneringa omfatta 12 individuelle tevlingar. Renna fann stad i Hochfilzen i Austerrike, Ruhpolding i Tyskland, Antholz i Italia, Oslo og Fagernes i Noreg og Novosibirsk i Russland.

Dei mannlege utøvarane tevla i seks 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert fire stafettar over 4 x 7,5 km og to mannskapstevlingar på 20 km. Jon Åge Tyldum frå Noreg vann IBU-pokalen med klar margin til svenske Mikael Löfgren på andreplass og sin eigen landsmann, Sylfest Glimsdal, på tredjeplass. Ingen av dei fire beste samanlagt vann i ei individuell tevling. Aleksandr Popov og Jens Steinigen sigra derimot i to enkeltrenn kvar.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i 15 km og 7,5 km, seks renn over kvar av distansane. Dessutan i fire stafettar med tre på laget og i to mannskapstevlingar med fire på kvart landslag. Russiske Anfisa Reztsova vann fire av dei individuelle tevlingane og sigra med god margin til nummer 2 og 3, høvesvis Anne Briand frå Frankrike og Petra Schaaf frå Tyskland.

Menn[endre | endre wikiteksten]

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Jon Åge Tyldum  Noreg 173
2 Mikael Löfgren  Sverige 145
3 Sylfest Glimsdal  Noreg 131
4 Johann Passler  Italia 130
5 Patrice Bailly-Salins  Frankrike 129 1
6 Andreas Zingerle  Italia 122 1
7 Aleksandr Popov « Sovjetunionen» 120 2
8 Gisle Fenne  Noreg 112
9 Wilfried Pallhuber  Italia 111 1
10 Geir Einang  Noreg 109 1
11 Sergej Tsjepikov « Sovjetunionen» 108
12 Frode Løberg  Noreg 106 1
13 Mark Kirchner  Tyskland 102 1
14 Wolfgang Perner  Austerrike 92 1
15 Ludwig Gredler  Austerrike 89
16 Alfred Eder  Austerrike 88
17 Hubert Leitgeb  Italia 81
18 Steffen Hoos  Tyskland 79
19 Valerij Kirijenko « Sovjetunionen» 75 1
20 Eirik Kvalfoss  Noreg 74
21 Christian Dumont  Frankrike 72
22 Franz Schuler  Austerrike 71
23 Jens Steinigen  Tyskland 71 2
24 Thierry Gerbier  Frankrike 71
25 Frank-Peter Roetsch  Tyskland 68

Kvinner[endre | endre wikiteksten]

Individuelt[endre | endre wikiteksten]

Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Anfisa Reztsova « Sovjetunionen» 212 4
2 Anne Briand  Frankrike 179
3 Petra Schaaf  Tyskland 173
4 Svetlana Petsjorskaja « Sovjetunionen» 153 1
5 Uschi Disl  Tyskland 147 1
6 Grete Ingeborg Nykkelmo  Noreg 146
7 Antje Misersky  Tyskland 141 1
8 Jiřina Adamičková  Tsjekkoslovakia 136 1
9 Elin Kristiansen  Noreg 131 1
10 Iva Sjkodreva  Bulgaria 131
11 Signe Trosten  Noreg 128
12 Marija Manolova  Bulgaria 124
13 Delphyne Burlet  Frankrike 114
14 Jelena Belova « Sovjetunionen» 102
15 Jelena Golovina « Sovjetunionen» 99
16 Inga Kesper  Tyskland 90
17 Anne Elvebakk  Noreg 88 1
18 Hildegunn Fossen  Noreg 86 1
19 Véronique Claudel  Frankrike 86
20 Gabriela Suvová  Tsjekkoslovakia 84
21 Jelena Melnikova « Sovjetunionen» 75
22 Corinne Niogret  Frankrike 72
23 Myriam Bédard  Canada 63
24 Svetlana Paramygina « Sovjetunionen» 63
25 Tuija Sikiö  Finland 61

Kjelder[endre | endre wikiteksten]