Hopp til innhald

Verdscupen i skiskyting 1993

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Verdscupen i skiskyting 1993 tok til 17. desember 1992 og vart avslutta 21. mars 1993. Turneringa omfatta 12 individuelle tevlingar. Renna fann stad i Pokljuka i Slovenia, Oberhof i Tyskland, Antholz i Italia, Lillehammer i Noreg, Östersund i Sverige og Kontiolahti i Finland.

Dei mannlege utøvarane tevla i seks 20 km og like mange 10-kilometerar, òg kalla normalprogram og sprint. I tillegg vart det arrangert seks stafettar over 4 x 7,5 km. Svensken Mikael Löfgren gjekk til topps, utan å vinne noko enkeltrenn. På andreplass kom Mark Kirchner frå Tyskland, den einaste som sigra i to enkeltrenn, medan Italias Pieralberto Carrara vart tredjemann i turneringa.

Dei kvinnelege utøvarane tevla i 15 km og 7,5 km, seks renn over kvar av distansane. Dessutan i fem stafettar over 4 x 7,5 km og ei mannskapstevling med fire på kvart landslag. Russiske Anfisa Reztsova vann heile seks av dei individuelle tevlingane og sigra med stor margin til nummer 2 og 3, høvesvis Myriam Bédard frå Canada og Anne Briand frå Frankrike.

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Mikael Löfgren  Sverige 168
2 Mark Kirchner  Tyskland 151 2
3 Pieralberto Carrara  Italia 147 1
4 Patrice Bailly-Salins  Frankrike 146 1
5 Johann Passler  Italia 139 1
6 Sven Fischer  Tyskland 135 1
7 Ludwig Gredler  Austerrike 133 1
8 Jens Steinigen  Tyskland 132
9 Jon Åge Tyldum  Noreg 125 1
10 Ulf Johansson  Sverige 120 1
11 Sergej Tsjepikov  Russland 119
12 Ricco Gross  Tyskland 118
13 Elmar Mutschlechner  Italia 112
14 Frank Luck  Tyskland 111 1
15 Andreas Zingerle  Italia 105 1
16 Valerij Medvedtsev  Russland 105
17 Wilfried Pallhuber  Italia 90 1
18 Aleksej Kobelev  Russland 88
19 Sylfest Glimsdal  Noreg 76
20 Edmund Zitturi  Italia 69
21 Aleksandr Popov  Belarus 63
22 Valerij Kirijenko  Russland 62
23 Wolfgang Perner  Austerrike 56
24 Jaakko Niemi  Finland 52
25 Hubert Leitgeb  Italia 51

Individuelt

[endre | endre wikiteksten]
Plass Utøvar Land Poeng Sigrar
1 Anfisa Reztsova  Russland 225 6
2 Myriam Bédard  Canada 183
3 Anne Briand  Frankrike 163 1
4 Nathalie Santer  Italia 160
5 Petra Schaaf  Tyskland 149 1
6 Delphyne Burlet  Frankrike 146
7 Corinne Niogret  Frankrike 144
8 Martina Jašicová  Slovakia 139 1
9 Antje Misersky  Tyskland 133 2
10 Véronique Claudel  Frankrike 120
11 Eva Háková  Tsjekkia 117
12 Jiřina Adamičková  Tsjekkia 103
13 Svetlana Paramygina  Belarus 99
14 Mari Lampinen  Finland 91
15 Uschi Disl  Tyskland 89
16 Irena Česneková  Tsjekkia 84
17 Nadja Belova  Ukraina 79
18 Jelena Belova  Russland 76
19 Hildegunn Fossen  Noreg 69
20 Åse Idland  Noreg 69
21 Annette Sikveland  Noreg 68
22 Iveta Knížková  Tsjekkia 61
23 Iva Sjkodreva  Bulgaria 60 1
24 Joan Miller Smith  USA 58
25 Jana Kulhavá  Tsjekkoslovakia 58